Omsorgshandlingane

Publisert

I Dag og Tid 20. januar 2023 skriv Andreas Skartveit om opphavsmytar under tittelen «Det vonde bryt seg inn».

Skartveit skriv: «Så freista Eva Adam, og Paradiset vart stengt. Gud slo hardt ned på det som hende, med si straffande hand. Og straffa var kollektiv…». Ja, slik blir ofte Guds reaksjon i 1. Mosebok kapittel 3, utlagt i Noreg. Andre les ikkje straff og forbanning, men kjærleik inn i Guds ord og handlingar. Korleis kan det gå til?

Eg fekk tale ein gong med ein skriftlærd i Toraen. Han studerte tolkingstradisjonen innanfor kabbala. Han sa at Gud ikkje reagerte med å forbanne då Adam og Eva åt frukta av visdommens tre. Gud forbanna ikkje, men han profeterte om kva som kom til å bli følgjene for mennesket. Fortvila og omsorgsfull grip Gud straks inn. Gud lagar sjølv klede og kler mennesket. Så hindrar Gud at skaden blir uoppretteleg: om mennesket også et av livsens tre og lever evig, kan ikkje skaden bøtast. Difor må mennesket ut av Paradiset, for å gjere Guds frelse mogeleg. Rabbien problematiserte også kva synda var.

Før mennesket visste skilnaden på godt og vondt, kunne det synde? Nei, meiner kabbala. Først då frukta var eten, vart augo opna, og mennesket kunne synde. Når Gud så vender seg til Adam, legg Adam skulda på Gud – og på Eva; opphavssynda er å ikkje ta ansvar for handlingane sine.

Opphavsmyten fortel at også utanfor Paradiset ansvarleggjer Gud mennesket og viser det omsorg. Når Kain drep bror sin, konfronterer Gud han. Og når Kain vil gå og er redd for livet sitt, set Gud eit merke på han for at ingen som møtte han, skulle drepe han. Vidare skildrar Bibelens bøker ein Gud som følgjer mennesket, kjempar med det og tuktar det, sjuk av kjærleik.

Eit av dei vanlege bileta av Gud er nettopp den forsmådde elskaren som lid med mennesket som har gått seg vill og lever langt frå hans ekte kjærleik. Gud som elskaren som kjempar for å få att henne han ikkje kan slutte å elske. Så kjem Gud sjølv for å rette opp det øydelagde forholdet mellom mennesket og Gud.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement