Om trengsmål og utrengsmål
Kjell Arild Pollestad er misnøgd med korrekturen i Dag og Tid og gir utvitydig uttrykk for det i eit lesarbrev i førre utgåve av bladet. Pollestad nemner tre døme: «Det sixtinske kapell» er retta til «Det sixtinske kapellet», «førde» er retta til «førte», og «gleda» er retta til «glede».
Alle desse rettingane er i samsvar med gjeldande nynorskrettskriving. På nynorsk bruker vi bestemt form i særnamn som «Det kvite huset», «Den engelske kanalen» og «Det sixtinske kapellet», no er «førte» eineform av verbet føre i preteritum, og «gleda» i ubestemt form var rett nok brukt på biskop Hognestads tid, men no heiter det «glede» i ubestemt form.
Men det går tydeleg fram av lesarbrevet at Pollestads ærend ikkje er å få forklaringar på rettingane. Derimot krev han rett til å gå utanfor norma i tekstane han skriv, og grunngir kravet dels ved å vise til Arvid Langelands ordliste og licentia poetica, dels ved å slå fast at «det heiter … Punktum».
I Dag og Tid gir vi skribentane stort spelerom i val av skrivemåtar og bøyingsmønster, så lenge dei held seg innanfor gjeldande nynorsk rettskriving, og så lenge det ikkje er umotiverte stilbrot i tekstane. Den nynorske norma vi har i dag, er eit kompromiss mellom mange omsyn, men ho burde vere så romsleg at dei fleste skrivande kan finne seg til rette der.
Samtidig er vi i avisa også medvitne om at hovudmålet er å nå fram til lesarane med innhaldet i artiklane. Derfor unngår vi helst ein del gammalvorne ord som rett nok står i ordboka, men som kan stengje mange av lesarane ute. På den andre sida unngår vi helst til dømes «heit-ord» (sjølv om dei står i ordboka) så sant det lèt seg gjere, til ergring for somme skribentar, til glede for mange lesarar.
Nynorskbrukarane er ein minoritet som er omgitt av bokmål på alle kantar i kvardagen, anten det er merkinga på hyllene i lokalbutikken eller nyhendeartiklar på nettet. Altfor mange av dei – også mange som er skribentar av yrke – er usikre på si eiga rettskriving, eller på kva som er «lov å skrive», som dei seier. Eg meiner det er viktig at Dag og Tid ikkje medverkar til å skape meir tvil og uvisse ved å tillate unormert nynorsk i det redaksjonelle stoffet. Skuleelevar skal ikkje oppleve å bli retta av læraren når dei bruker skrivemåtar og bøyingsformer som dei har henta frå Dag og Tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.