JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Om trengsmål og utrengsmål

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3180
20230120
3180
20230120

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

Kjell Arild Pollestad er misnøgd med korrekturen i Dag og Tid og gir utvitydig uttrykk for det i eit lesarbrev i førre utgåve av bladet. Pollestad nemner tre døme: «Det sixtinske kapell» er retta til «Det sixtinske kapellet», «førde» er retta til «førte», og «gleda» er retta til «glede».

Alle desse rettingane er i samsvar med gjeldande nynorskrettskriving. På nynorsk bruker vi bestemt form i særnamn som «Det kvite huset», «Den engelske kanalen» og «Det sixtinske kapellet», no er «førte» eineform av verbet føre i preteritum, og «gleda» i ubestemt form var rett nok brukt på biskop Hognestads tid, men no heiter det «glede» i ubestemt form.

Men det går tydeleg fram av lesarbrevet at Pollestads ærend ikkje er å få forklaringar på rettingane. Derimot krev han rett til å gå utanfor norma i tekstane han skriv, og grunngir kravet dels ved å vise til Arvid Langelands ordliste og licentia poetica, dels ved å slå fast at «det heiter … Punktum».

I Dag og Tid gir vi skribentane stort spelerom i val av skrivemåtar og bøyingsmønster, så lenge dei held seg innanfor gjeldande nynorsk rettskriving, og så lenge det ikkje er umotiverte stilbrot i tekstane. Den nynorske norma vi har i dag, er eit kompromiss mellom mange omsyn, men ho burde vere så romsleg at dei fleste skrivande kan finne seg til rette der.

Samtidig er vi i avisa også medvitne om at hovudmålet er å nå fram til lesarane med innhaldet i artiklane. Derfor unngår vi helst ein del gammalvorne ord som rett nok står i ordboka, men som kan stengje mange av lesarane ute. På den andre sida unngår vi helst til dømes «heit-ord» (sjølv om dei står i ordboka) så sant det lèt seg gjere, til ergring for somme skribentar, til glede for mange lesarar.

Nynorskbrukarane er ein minoritet som er omgitt av bokmål på alle kantar i kvardagen, anten det er merkinga på hyllene i lokalbutikken eller nyhendeartiklar på nettet. Altfor mange av dei – også mange som er skribentar av yrke – er usikre på si eiga rettskriving, eller på kva som er «lov å skrive», som dei seier. Eg meiner det er viktig at Dag og Tid ikkje medverkar til å skape meir tvil og uvisse ved å tillate unormert nynorsk i det redaksjonelle stoffet. Skuleelevar skal ikkje oppleve å bli retta av læraren når dei bruker skrivemåtar og bøyingsformer som dei har henta frå Dag og Tid.

Det er ikkje slik at Språkrådet normerer for å gjere livet surt for språkbrukarane, og det er ikkje slik at korrekturlesarar rettar for å ergre skribentane. Sjølvsagt kan vi gjere feil, vi òg, men eg meiner det er ein styrke at avisa enno held seg med korrekturlesarar, og dette får eg stadfesta ved å lese andre aviser. For at rettingane våre ikkje skal bli meir eller mindre vilkårlege, må vi ha ei norm å gå ut frå, og vi har ikkje noko betre utgangspunkt enn det som er gjeldande rettskriving for nynorsk.

Ein skulle kanskje ikkje tru det når ein les ordskiftespaltene i Dag og Tid, men eg har inntrykk av at dei fleste skribentane, kor kjenslevare dei enn er, og dei fleste lesarane er nøgde med korrekturen i avisa.

Ole Jan Borgund er skrivar, omsetjar, protestantisk lekmann og korrekturlesar utan nåde i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis