JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Om ordentleg og ikkje ordentleg politikk i nord

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5207
20230818
5207
20230818

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Samfunn

Politisk redaktør Skjalg Fjellheim etterlyste i avisa 14. juli ein ordentleg politikk for å utvikla Nord-Noreg. Han drog fram nordområdepolitikken som det fremste dømet på ein ikkje-ordentleg politikk. Eg meiner at han tok feil i omtalen av nordområdepolitikken, og at det også er erfaringar frå regionalpolitikken i nord dei siste femti åra som er ordentlege og vel verde å ta med seg.

Støre la fram nordområdepolitikken som Olav H. Hauge etter «Mange års røynsle med pil og boge»: «forstår pili som stend der og dirrar: Her er òg eit midtpunkt.» Mange viktige institusjonar i nord blei etter årevis med nasjonale nedvurderingar slike midtpunkt, ikkje minst det som i dag er UiT Noregs arktiske universitet.

Det fekk støtte til alle satsingar det ønskte, og kunne byggja ut det som var ein liten institusjon med i praksis ein regional misjon, til å bli ein viktig nasjonal institusjon med kunnskapsløysingar langt utover nord. Nordområdepolitikken var ordentleg politikk. At Støre-regjeringa, av alle, har overført denne politikken til Kommunal- og distriktsdepartementet forstår eg lite av. Men det fortel nok at ein igjen ser nord som ein utkant i Distrikts-Noreg.

Det er også fleire inntak til ordentleg politikk i den regionalpolitiske historia i nord. Desse er like lite konkluderte i dag som før. Tre tema har alltid vore viktige, særleg i Finnmark og Nord-Troms.

Kva er dei strategiske måla? På 1980-talet var det å skapa arbeidsplassar det sentrale målet. I dag ser det ut til at det viktigaste målet er å fylla eit arbeidskraftbehov som er skapt av at nord er attraktivt for ein del næringar globalt. Men også andre målsetjingar kjem stadig opp: Geopolitiske mål etter russiske trugsmål og Nato-utvidinga er eitt. Andre er reint demografiske, og vi har målsetjingar knytte til samanlikning med andre norske regionar.

Såleis kan det vera eit mål å stogga utflytting av andre generasjon av mobile nordlendingar, oftast til Oslo-regionen. Dette er unge kvinner med foreldre som flytta til Tromsø og Bodø, der den nye generasjonen flyttar kor som helst. Og kvifor skal ein ha sterke tiltak i Alta og Hammerfest når utviklinga der er som i tilsvarande kommunar sørpå? Slik konkluderte den siste evalueringa av tiltakssona. Poenget mitt er at måla styrer politikk, strategiar og verkemiddel, og ordentleg politikk er vanskelege når måla ikkje er klare.

Kor nær? På 1980-talet var staten på veg ut av nord, samanlikna med kor dominerande staten var dei første etterkrigstiåra. Fylkeskommunen i Finnmark svarte med at «no er det opp til oss sjølv», og blei «frifylke» i næringspolitikken. Løysinga var så vellukka at øvste nivået hos statsminister Gro H. Brundtland stansa det.

Men staten gav makt til Sametinget og etter kvart Finnmarkseigedommen (FeFo). På 1980-talet var det sjølvsagt at fylkeskommunen skulle gjennomføra krisepakkar og omstilling i nord. No er det like sjølvsagt staten med applaus frå regionale og lokale politikarar, sjølv om ein ser at staten ikkje får dette til i til dømes Sør-Varanger.

Samepolitikk er blitt til internasjonal folkerett og er komen langt unna. FeFo prøver å få det ned på eit regionalt nivå, men får stort sett kjeft. Den innovative krafta til det regionberande Finnmark Arbeidarparti blei borte etter at det fekk til innrettinga av finnmarkslova i 2005. No er det igjen staten som er adresse. Den geografiske forankringa av ein politikk i nord er endå meir uklar enn han var for femti år sidan.

Kven skal få? Anders Aune klarte å gjera personretta verkemiddel meir og meir til sjølve strategiane for utvikling i nord. Mange var skeptiske, særleg Arbeidarpartiet og venstresida. I dag er svalbardskatt det svaret politikarar i nord oftast kjem med når dei får spørsmål om kva som skal til i nord. Uansett parti.

Personretta ordningar verkar, men dei er også dyre. Ein kan utvikla mange institusjonar og mykje infrastruktur for slike summar. Og vi ser også for ofte at bedrifter og offentlege institusjonar slår seg til ro med ordningane, framfor å ta utgangspunkt i at når vi har slike tiltak berre i nord, kan vi i tillegg utvikla gode eigne ordningar som gjer akkurat oss endå meir attraktive.

Staten sørgjer for gratis barnehagar for alle nord i nord. Organisasjonar anten dei er i Alta eller i Hasvik får høve til å utvikla noko eige som andre ikkje har. Ordentleg politikk må utfordra regionale organisasjonar til å skapa det som gjer det meir attraktivt å arbeida akkurat der enn hos dei ein tevlar om arbeidskrafta med.

Ordentleg politikk er som essensen i nordområdepolitikken. Det å vite at det er hos oss pila står, at viktig utvikling skjer her, og at vi er i stand til å handla sjølve. Ordentleg politikk utløyser strategiar i regionalt forankra institusjonar. Det krev vitale offentlege institusjonar med sterke regionale nedslag som Sameting, FeFo, fylkeskommunar, helseføretak og universitet. Og spenstige statlege initiativ, anten det er å realisera fjerninga av Noregs største klimagassutslepp eller å implementera ein modell for norske regionale spesialisthelsetenester som det går an å driva.

Sveinung Eikeland er forskar ved UiT Noregs arktiske universitet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis