JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nordnorsk folkevandring

Viken og Oslo tømmer dei nordnorske distrikta for folk, seier Skjalg Fjellheim.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Treng det å bu folk alle stader i Nord-Noreg, eller skal me heller styrke nokre av sentruma? spør Skjalg Fjellheim. På biletet ser me utsikt over Tromsø.

Foto: Marianne Løvland / NTB

5665
20230714

Samtalen

Skjalg Fjellheim

politisk redaktør i Nordlys

Aktuell

Fråflytting i nord

5665
20230714

Samtalen

Skjalg Fjellheim

politisk redaktør i Nordlys

Aktuell

Fråflytting i nord

sofie@dagogtid.no

NRK publiserte denne veka ei sak om restauranteigaren Nils Arthur Gjeitanger i Harstad. Han slit med å få tak i arbeidskraft, og er ikkje åleine. Ifølgje tal frå NHO fortel 75 prosent av bedriftene i Troms og Finnmark at dei i stor eller nokon grad har eit kompetansebehov som dei ikkje klarer å dekke.

Fjellheim er politisk redaktør i Nordlys. Han, som fleire før han, peikar på at den største utfordringa for Nord-Noreg er tap av menneske.

– Viken og Oslo tømmer dei nordnorske distrikta for folk. Så langt går dette langsamt, men retninga er klar. Om nokre få år vil dei demografiske endringane skyte ytterlegare fart.

– Kristian Eilertsen (Frp) seier at han er redd Nord-Noreg er på veg til å bli ein «gamleheim» og ein «landsdel for pendlarar» Er du samd i dette?

– Han har heilt rett. Folkesetnaden i Nord-Noreg blir stadig eldre. Ei befolkning som ikkje reproduserer seg sjølv, døyr ut. Men dette skjer jo ikkje berre i Nord-Noreg, men i heile Distrikts-Noreg. Sjølv om det er mange ledige jobbar i nord, ser me to ting: Det er vanskeleg å rekruttere arbeidarar, og det er ein tendens til at arbeidskrafta må flygast inn. Dette kallar Eilertsen «nordsjøturnus».

– Kvifor er det vanskeleg å få folk til å etablere seg i Nord-
Noreg?

– Mykje har samanheng med globale utviklingstrekk. Urbanisering skjer i heile verda. Den unge generasjonen ønskjer å bu i byar. Noreg er eit land med særs mykje periferi, og Nord-Noreg er Noregs perifere periferi. Det gjer landsdelen særleg utsett. Ein kan ikkje skulde på vêret.

– Ser me vekst i byane i Nord-Noreg, til dømes i Tromsø, Alta og Bodø?

– Veksten me hadde inntil for nokre år sidan i desse byane, har stoppa opp og flata ut. Det er ein indikasjon på at også byane i Nord-Noreg byrjar å miste noko av evna til å trekke til seg folk.

– Kva kjem det av?

– Potensialet for innflytting er meir eller mindre uttømt. Alle som kunne ha flytta frå områda rundt desse byane, har gjort det.

– Både Sp og Frp meiner ein bør sjå på lågare skatt for dei som bur i Nord-Noreg. Kva tenkjer du om det tiltaket?

– Eg er usikker på om det er eit godt tiltak, og skulle gjerne sett nokre fleire synspunkt på det, eller forsking. Me må gå varsamt fram og få meir fakta på bordet før me konkluderer.

– Kva meiner du ein bør gjere for å styrke folketalet i Nord-Noreg?

– Regjeringa har eit stort problem med denne «tilbakeskodande» senterpartilogikken som ikkje er i stand til å ta røynda inn over seg. Arbeidarpartiet har gått for langt i å gi etter for dette. Når dei skal lage distriktsmelding, så må dei òg ha ambisjonar om å styrke byar som Tromsø, det er kanskje det absolutt viktigaste. Ein må sørgje for at dei som flyttar frå Nord-
Noreg, ikkje vel bort Bodø og Tromsø. Men nokre seier at å få folk til å bli buande i visse område i Nord-Noreg, er like vanskeleg som å få Tanaelva til å snu. Treng det å bu folk alle stader, eller skal me heller styrke nokre av sentruma? Den diskusjonen etterlyser eg i norsk politikk.

– Ein kan jo ikkje tvinge folk til å bli buande i distrikta?

– Nei, eg er heilt einig. Men ein kan sjå på det på ein annan måte: Er det sunt for Oslo og Viken at alle frå distriktet flyttar dit? Kva slags likevekt får me i landet vårt? Dette handlar ikkje berre om å styrkje Nord-Noreg og Tromsø, men også Bergen, Trondheim og Stavanger. Mellom anna for å skape ei motmakt til Oslo.

– Kva er det som alt blir gjort for å styrke busetjinga?

– Det er små kosmetiske grep, til dømes gratis ferjer, som er viktig for dei det gjeld, gratis barnehage for folk i Finnmark, det har blitt annonsert at det skal bli billegare å fly på kortbanenettet. Men det er langt frå nok, det er som musepiss i Atlanterhavet. For det som faktisk må til, kjem til å bli svært kostbart for ein nasjonalstat.

– Kva politikk er det Nord-
Noreg treng?

– Me treng ordentleg politikk, ikkje nordområdepolitikk. Eg trur heilt ærleg at ingen i Nord-Noreg trur på denne politikken lenger. Ein berre snakkar om Nord-
Noreg, det er ikkje handling. Ein må få ting gjort.

– Kva er det som ikkje blir gjort?

– Eg kan peike på det enorme etterslepet i infrastruktur i Troms og Finnmark. Det har fått meir merksemd etter at Sverige og Finland vart med i Nato. Den dårlege infrastrukturen skaper problem for forsyningslinjene. Noreg har sove i timen, altfor lenge. Det er vanskeleg å skape verdiar i nord når ein ikkje har det grunnleggande på plass, som energipolitikk og næringspolitikk.

– Er det noko nordlendingane sjølve kan gjere for å bidra til at folk etablerer seg i landsdelen?

– Først og fremst treng landsdelen ei realitetsorientering. Nordlendingane har framleis mykje August i seg, ein fantast og ein drøymar. Ein må lage politikk som er berekraftig og målber politikk frå Nord-Noreg som er langsiktig. Men det at ein må bruke byane som eit verkemiddel for å demme opp fråflyttinga, er dessverre ein framand tanke for mange her i nord.

– Kva positive trekk ser du i regionen?

– Det er mykje vilje, byrgskap og kraft i Nord-Noreg. Ein kan til dømes setje prestasjonane til Bodø/Glimt og Tromsø IL i perspektiv. Det peiker langt utover sjølve idretten. Det byggverket som er reist rundt klubbkulturen i Bodø og Tromsø, er ikkje tilfeldig, men ei moderne vinnaroppskrift som kan brukast på andre samfunnsområde. Grunnmuren er bygd på eit robust kollektiv, ein sterk identitet og tydeleg spelestil. På toppen av denne miksen kjem maksimal sjølvtillit – ein kan bli så god ein berre vil med ståstad i det arktiske Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis