Debatt

Om økonomisk ulikskap ­– svar til Clemet

Ulikskapen har auka jamt og trutt dei siste 30–40 åra, skriv Rolf Aaberge.
Publisert Sist oppdatert

I Dag og Tid 23. januar held Civita-leiar Kristin Clemet fast ved påstanden om at Noreg er eit egalitært land, når ho skriv at «inntektsforskjellane i Noreg har vist ein svak auke sidan 1980-talet, men forskjellane er små og ganske stabile». Eg veit ikkje kor Clemet har dette frå, men påstanden om svak auke i inntektsforskjellar stemmer ikkje med resultata i artikkelen til Aaberge, Atkinson og Modalsli (2020) – publisert i det internasjonale tidsskriftet Journal of Public Economics. 

Formålet med artikkelen var å visa korleis ulikskapen hadde utvikla seg over ein periode på 142 år, basert på historiske likningsdata for inntekt, som også har danna grunnlaget for offisiell inntektsstatistikk over tid. Resultata viste at ulikskapen har auka jamt og trutt dei siste 30–40 åra, og at dette i stor grad skuldast at den rikaste 1-prosenten har vore mottakarar av ein aukande del av inntektene over tid.

I denne artikkelen peikar vi også på problem med samanlikninga av likningsdata (og offisiell inntektsstatistikk) før og etter at utbyteskatten vart innført i 2006. Innføringa av utbyteskatten førte til at ulikskapen og inntektsdelen til topp 1-prosenten fall som ein stein i den offisielle inntektsstatistikken for 2006. Grunnen til endringa var at eigarane av norske selskap tok mindre utbyte frå og med 2006 og valde å spara størsteparten av driftsresultata i selskapa eller overføra dei skattefritt (fritaksmetoden) til eigne holdingselskap, der dei kunne brukast til investeringar i Noreg eller utlandet. Viss for eksempel ein investor hadde 105 millionar kroner i eigarinntekter i 2022 og valde å ta 5 millionar i utbyte og spara 100 millionar i eige holdingselskap, vil det seia at han/ho (men oftast han) sparte 35,2 millionar i utbyteskatt, som då blei tilgjengelege for investeringar eller banksparing. Det er viktig å vera klar over at utsetjinga av skattebetalinga kan vera evigvarande, og at barna kan arva dei årlege tilbakehaldne inntektene (inkludert spart skatt).

Men sjølv om skatteutsetjinga kan vera evigvarande, har vi i SSB-rapporten «Økonomisk ulikhet i Norge i det 21. århundret» frå 2021 rekna ut effekten på ulikskap (målt ved Gini-koeffisienten) av ei hypotetisk skattlegging av dei tilbakehaldne inntektene for kvart av åra i perioden 2001–2018. Resultata viste at ulikskapen blei redusert med 8–10 prosent. Det er eit merkbart fall, men ulikskapen var framleis mykje høgre enn det den offisielle inntektsstatistikken viser (mellom 39 og 46 prosent høgre i perioden etter finanskrisa i 2008).

Clemet meiner at det er kontroversielt å inkludera inntektene spart i selskapa eller i private holdingselskap i målinga av økonomisk konsentrasjon og inntektsulikskap. Dette er ikkje kontroversielt blant økonomar med grundig fagkompetanse på dette feltet. Vi er heller ikkje dei einaste som har publisert resultat basert på tilsvarande bruk av tilbakehaldne inntekter, og kan vise til Alstadsæter med fleire for Noreg (2025), Wolfson med fleire (2016) for Canada, Bach med fleire (2024) for Frankrike, og Fairfield og Jorratt De Luis (2016) for Chile. Desse studiane er baserte på mikrodata om tilbakehaldne inntekter og eigarskapen til desse inntektene, medan Piketty med fleire (2018) og Auten og Splinter (2024) har studert forholda i USA utan å ha tilgang på mikrodata for tilbakehaldne inntekter. Derfor har dei i staden støtta seg til totaltal frå nasjonalrekneskapen. Det har kravd bruk av ikkje-testbare føresetnader om kven som er eigarane av disse inntektene, og dette har naturleg nok ført til diskusjonar blant fagøkonomar i USA om kva slags føresetnader som er mest plausible. Det slepp vi i Noreg fordi vi har registerinformasjon om driftsresultata til alle selskap og kven som eig dei.

Clemet etterlyser også inntekt av fordelen av å bu i eigen bustad og verdistigninga av bustaden. Viss Clemet hadde teke seg tid til å lesa SSB-rapporten «Økonomisk ulikhet i Norge i det 21. århundret», ville ho sett at vi har inkludert desse inntektskomponentane i vår måling av inntekt. Vi har også inkludert kapitalgevinstar for andre verdipapir enn aksjar. Men i motsetnad til kva Clemet trur, fører ikkje dette til lågare inntektsulikskap. Grunnen er at opphopinga av tilbakehaldne inntekter hjå den rikaste 1-prosenten etter tusenårsskiftet har vore svært stor samanlikna med normal lønsinntekt. Det er også forklaringa på auka formuesulikskap dei siste 25 åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement