Bokmelding
Om informantar, dømebruk og argument
Med Israel for fred (MIFF) markerer Israels nasjonaldag utenfor Stortinget 14. mai i år. Palestina-aktivistar demonstrerer i bakgrunnen.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Takk til forfattarane Tor Solstad og Henrik Beckheim som kommenterer meldinga mi av Frykt og stillhet (Dag og Tid 28. november). Eg ville gjerne ha visst kvifor boka dreiar ein diskusjon om korleis jødar har det i Noreg, over til å bli ei samling uryddige argument for at norsk politikk overfor Israel, forutan medieomtale, fremjar antisemittisme her i landet.
Teksten deira framstiller aldri premissa for at dei blandar opplevingane til einskildindivid med ulike forteljetrådar. Mange vitne er ofte berre svært kort nemnde med fåe merknader, til dømes om dei vurderer å flytte frå Noreg eller ei, og alt er blanda med ulike kontekstar. 28 individ førekjem som opplevingsvitne. Nokre er anonyme, andre er kjendisar, eit par er henta ut or eit intervju med norske jødar i den israelske avisa Haaretz.
Heilage prinsipp gjeld for bruk av materiale frå informantar. Du må aldri bruke informantar som døme på føreåtfatta meiningar, så du føreset det som skal provast. Her ter likevel alle informantsitat seg slik; dei stadfester ein (uklår) hovudtese. Dei fleste er svært stutt attgjevne. Nokre fåe, tre til fem, set premissane for politiske vurderingar, såleis Leif Knutsen. Han får flest sider av informantane. Og han får avvise kvar tanke om at Israel har drive folkemord.
Knutsen hevdar at sidan intensjonen er å nedkjempe fienden, Hamas, kan framgangsmåten ikkje vere i strid med folkeretten. Men folkeretten femner òg om proporsjonalitetsprinsippet for sjølvforsvar – at ein ikkje skal slå attende så over all måte at det vert massemord. Det får vi ikkje drøfta, derimot at «mange lar seg styre av følelser».
Det er rett at boka nemner nokre problematiske sider ved Benjamin Netanyahu; eit par sider viser til dei brutale nedslaktingane. Også dette vert berre døme, nemleg på at der finst ulike oppfatningar.
Kva er eit døme (eksempel)? Det står for noko og føreset eit tankemønster, eit system. Systemet i denne teksten er alltid laga av forfattarane, i liten grad av informantane. Her har det gått føre seg ei utplukking av vitnemål som høver i forteljinga. Maksimalt 80 sider av dei 255 tekstsidene handlar beinveges om kva individuelle norske jødar opplever. Resten er politisering i eit miksmaks av argument.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.