Bok
Eit tapt høve til fornya dialog
Ei mogleg forståing av antisemittisme druknar i polemikk.
Propalestinske demonstrantar heldt motdemonstrasjon då organisasjonen Med Israel For Fred (MIFF) arrangerte ei markering av sjølvstendedagen til Israel utenfor Stortinget i mai 2025.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Enkelte bøker er irriterande på ein særskild måte. Så som denne boka, med undertittel og baksidetekst som får lesaren til å opne boka med trua på at vi her møter ein samlande analyse av korleis norske jødar har opplevd reaksjonane etter 7. oktober 2023, altså Hamas-åtaket som kosta kring 1200 menneske livet, og sidan det grufulle etterspelet.
Ei slik bok hadde vore svært velkomen. Mange av oss kjenner ei djup skam over korleis geskjeftige medborgarar har sørgt for å flytte konflikten mellom Israel og Palestina over på nordmenn med jødisk tru og bakgrunn. Ei slik kortslutning er ikkje berre djupt skadeleg, men farleg: Det gjev stygge tilskot til å omdanne ordskifta i ålmenta vår til utnemning av indre, stadfortredande fiendar. Når noko slikt fyrst har slått rot, kan det gå ut over kven som helst. Antisemittismen er ein sjukdom i samfunnslekamen, og må ikkje få utvikle seg.
Polemisk stridsskrift
No fekk vi ikkje den boka som var lova. I staden har vi fått ein pamflett. Det vil seie eit polemisk stridsskrift, om enn i roleg toneleie. Dette er ikkje ei systematisk undersøking, men eit partsinnlegg med argument og døme litt hulter til bulter. Her er tre–fire hovudtendensar.
Den fyrste er dei svært syrgjelege døma på kva jødar har måtta oppleve desse par åra av provokasjonar i form av utskjelling, hærverk, motvilje og mistankar. Forfattarane meiner at regjeringa vår i liten grad har støtta den jødiske minoriteten, trass i handlingsplan mot antisemittisme.
Det andre ein merkjer seg, er kritikk av norsk utanrikspolitikk. Påstanden er at den norske regjeringa fremjar antisemittisme med kritikk av Netanyahu-regjeringa. Ut frå utgangspunktet ville det vore meir interessant om ein såg etter om regjeringa tillegg feil instansar og personar, i Noreg, ansvar desse ikkje har. Regjeringa har ingen stader føresett at norske jødar skal stå last og brast med Netanyahu.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.