Ordskifte

Om «gatemobben», «ulveflokken» som lukter blod, og Kaj Skagens «høviske» debattform

  

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid. Førre veke skreiv han kommentaren «Gatemobben og den finkledde 'tølperen'».
Publisert

Kaj Skagen kommenterer i Dag og Tid 6. januar innlegget til Asle Toje i Aftenposten før jul, «Vil Norge overleve det som kommer?». Skagens sjølvvalde tittel er «Gatemobben og den finkledde ’tølperen’». Undertittelen, «Kor straumlinja må ein vere i den norske ålmenta for ikkje å verta lyst fredlaus?», er direkte henta frå Skagens tekst.

I delar av innlegget er Skagen oppteken av å tolka utsegnene til Toje på ein måte som for nokre kan gjera dei meir etande. Eit døme er bekymringa til Toje over at 20 prosent av befolkninga i Noreg no har «innvandrerbakgrunn», og kravet hans om at staten sluttar med «veksthusdyrkingen av selvopptatte minoriteter». Dette tolkar Skagen som ein appell om «sterk integrering» på eit felles verdigrunnlag.

Han om det, og me lèt denne delen av diskusjonen liggje: Skagen er i sin fulle rett til å lesa Toje som han vil. Andre lesnader er likevel ikkje berre moglege, men også ønskjelege, i ei fritt diskuterande offentlegheit.

Me kunne også diskutera på kva grunnlag Skagen, Toje og andre som snakkar om «felles verdigrunnlag» og om ein tapt «einskapskultur», openbert ser seg sjølv som sjølvsagde representantar for noko slikt – men lèt det liggje. Spørsmålet går inn til kjernen av eit problem som gjeld denne typen debatt, så det vil by seg andre høve.

Me er opptekne av noko anna, nemleg påstandane som ligg i tittelen og i undertittelen – karakteristikken av Tojes kritikarar som «gatemobben» og den implisitte skuldinga om utskjelling av Toje, og påstanden om at det i norsk offentleg debatt knapt er rom for avvikarar.

Om dette med «gatemobben» og «gatejustis»: Skagen beklagar seg over mangelen på «høviske dialogar» når meiningar står mot kvarandre i offentlegheita. Her burde han stoppa opp og sett seg sjølv i spegelen – for er det ikkje nettopp seg sjølv han karakteriserer? For kor «høveleg» er det å karakterisera namngitte og ikkje namngitte kritikarar av Toje som delar av ein «gatemobb», ein ulveflokk «som alt lukta blodet», som «dei mest aggressive og minst interessante» som lèt seg leia av «lideskapane [sic] og eigeninteressene»?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement