Om det å forvanske

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Johanne Laache skriv i sitt innlegg i Dag og Tid nr. 51–52: «Rasisme er ikke bare noe man blir ferdig med.» Men eg har sjølvsagt aldri påstått noko slikt. Eg har heller ikkje sagt at det ligg nokon «konspirasjon» bak at den positive utviklinga aldri blir nemnd. Laache driv med klassisk stråmannsargumentasjon.

Min hovudpåstand, som provoserer Laache, er at Noreg er blitt mindre rasistisk dei tre siste generasjonane. Lars Gule meiner derimot at observasjonen er heilt korrekt. Ser ein på statistikken til Statistisk sentralbyrå «Holdninger til innvandrere og innvandring», syner han det same. Alle tal viser ei ganske kraftig utvikling i positiv retning.

No seier ikkje denne statistikken alt, for det er sjølvsagt fullt mogleg å vere skeptisk til innvandring utan å vere rasist. Men likevel: Mykje tyder på at haldningane til innvandrarar er langt meir positive enn dei var i 1970-åra. Kvifor dette er så vondt og vanskeleg å vedgå for Laache, veit eg ikkje. Men ho får nok bite i seg den positive utviklinga.

Laache meiner problemet mitt er at eg «strever veldig med å definere rasisme», men kommentaren min var ikkje noko forsøk på å definere rasisme. Eg nytta ordet «rasisme» slik det vanlegvis vert brukt i daglegspråket, i media og generelt i debatten – og då vanlegvis utan at dei som nyttar omgrepet, blir pålagde å gje omfattande definisjonar av kva dei eigentleg snakkar om. Det gjeld òg det store apparatet av institusjonar innanfor inkludering, mangfald og rasisme som er bygde opp, eller blir støtta økonomisk, av det offentlege.

Også Gule meiner at omgrepet rasisme, slik eg (og andre) bruker det, er villeiande. Han foreslår å byte det ut med omgrepet «rasediskriminering», som har lågare terskel. Rasediskriminering er for han «ei haldning som gjer det empirisk vanlege eller normale til det normativt rette, òg i tydinga estetisk rette».

Innspela til Gule er konstruktive, og det takkar eg han for, men eg er usikker på om ein slik definisjon representerer eit reelt framsteg. For det første vil orda «rasisme» og «rasediskriminering» i praksis (om ikkje i teorien) sjå ut som synonym. Dessutan er det på ingen måte nokon automatikk i at det ligg rasediskriminerande haldningar bak det å slutte frå det normale og vanlege til det normative og estetisk rette. Dei fleste vil jo seie at mange moralske normer som er vanlege i Noreg, til dømes den allment utbreidde norma at rasisme er uakseptabelt, som nettopp «normativt rett».

Det er jo ikkje slik at alle kulturelle praksisar er uttrykk for ein nøytral skilnad. Ofte vil heilt ulike verdinormer kome til uttrykk. Då er det ikkje utan vidare rasediskriminerande å meine at eigne idear om kva som er «normalt», er normativt betre enn noko anna. Det er å ta eigne verdiar alvorleg.

Det kan sikkert tenkjast tilfelle der koplinga mellom vanleg og normativt er rasistisk eller diskriminerande. Men i dei aller fleste tilfella vil det neppe vere slik. Og ein godt fungerande definisjon bør vel i utgangspunktet omfatte hovudstraumen av tenkte døme, ikkje unntaka. Ingen er tent med rasismedefinisjonar som er så vage og omfattande at dei ikkje treffer det dei siktar på, og kanskje plasserer vår «normalitet» og våre «normer» innanfor ei ramme av rasisme. Vi blir jo lærte opp til å respektere andre kulturar, men denne respekten skal vel òg omfatte vår eigen kultur.

Når det gjeld det estetiske, så vil menneske med ulik bakgrunn felle estetiske dommar heile tida, med bakgrunn i smak, utan at det høyrer heime i ein rasismekontekst. Dømet til Gule er at somme meiner at kvit hudfarge er betre og finare enn svart hudfarge. Det finst kan hende menneske i Noreg som har slike meiningar, men det er ulovleg å fremje dei. Haldninga eksisterer neppe utanfor ekstreme og marginaliserte miljø av «klassiske» rasistar.