Økonomi

Noreg er ikkje eit egalitært land

Publisert

I Dag og Tid 6. mars har Civita-leiar Kristin Clemet moderert sin tidlegare påstand om at Noreg er eit egalitært land når ho skriv: «Det er rett at det var ein auke frå 1980-talet og fram til tusenårsskiftet. Men dei siste ti åra har auken vore langt mindre tydeleg, dersom ein ser på tala frå SSB.»

Eg går ut frå at Clemet siktar til den offisielle inntektsstatistikken når ho viser til «tala frå SSB» for å rettferdiggjera påstanden sin. Men som eg har peika på i eit tidlegare innlegg i Dag og Tid, er denne statistikken bunden av internasjonale standardar, der inntektsmålet er avgrensa til inntekter som er rapporterte i dei personlege skattemeldingane (sjølvmeldingane) pluss skattefrie offentlege overføringar.

Her blir alle lønsinntekter rapporterte, men ikkje alle eigarinntektene i små og mellomstore selskap (såkalla unoterte selskap). Dermed gir den offisielle statistikken eit ufullstendig bilde av inntektsulikskap i Noreg. Ikkje minst fordi inntekta til dei rikaste personane i all hovudsak kjem frå eigarskap i næringslivet.

Spriket mellom offisiell statistikk og ei meir komplett måling av inntekt blei svært stort etter at Stortinget vedtok å innføra 28 prosent skatt på aksjeutbytte frå og med 2006. Det førte i 2006 til at den offisielle statistikken viste eit stort fall i inntektsdelen til dei 1 prosent rikaste (deira del av marknadsinntekta fall frå 17 prosent i 2005 til 8 prosent i 2006 på grunn av redusert aksjeutbytte) og følgjeleg også til eit kraftig fall i målet for inntektsulikskap dette året. Grunnen var at størstedelen av eigarinntektene i staden blei spart i eigne holdingselskap for å unngå utbytteskatten på 28 prosent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement