Ordskifte
Har ulikskapen auka «svakt» eller «jamt og trutt»?
I Dag og Tid 30. januar viser Rolf Aaberge til at eg held fast ved påstanden om at Noreg er eit egalitært land, når eg skriv at «inntektsforskjellane i Noreg har vist ein svak auke sidan 1980-talet, men forskjellane er små og ganske stabile».
«Eg veit ikkje kvar Clemet har dette frå», skriv Aaberge, «men påstanden om svak auke i inntektsforskjellar stemmer ikkje med resultata i artikkelen til Aaberge, Atkinson og Modalsli (2020) – publisert i det internasjonale tidsskriftet Journal of Public Economics.» «Resultata viste at ulikskapen har auka jamt og trutt dei siste 30–40 åra.»
Her er det altså usemje om ulikskapen har auka «svakt» eller «jamt og trutt» sidan 1980-talet.
Det er rett at det var ein auke frå 1980-talet og fram til tusenårsskiftet. Men dei siste tiåra har auken vore langt mindre tydeleg, dersom ein ser på tala frå SSB.
I åra etter skattereforma i 2005 og fram til dei siste offisielle tala for 2024 kom, har ulikskapen vore ganske stabil. Det ser ikkje «jamt og trutt» ut for meg.
Og lat meg leggje til, slik at diskusjonen ikkje skal gå i ring: Eg er sjølvsagt klar over at Aaberge no nok ein gong kan minne meg om at han meiner at attendehaldne overskot skal reknast med i inntekta. Mitt syn på det har eg skrive om før. Og sjølv om ein tek med attendehaldne overskot, har ulikskapen stabilisert seg dei seinare åra (Økonomisk utsyn 2022 og SSB 2024/32).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.