Nordlies ufine kritikk

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I eit debattinnlegg 4. mars hevdar Mikkel Berg Nordlie at Etnisk og Demokratisk Likeverd (EDL) «er en organisasjon som har utvikla seg til å bli antisamisk, med et miljø rundt seg som arbeider med å spre feilinformasjon om samisk historie, samisk språk, samepolitikk, og samiske rettigheter. De deltar særdeles aktivt på alle flater som åpner seg for dem, og drukner ut debatter om samiske forhold med desinformasjon».

EDL vart ikkje oppretta med formål å arbeide for den rette historieskrivinga om samane. Blant medlemmene i EDL er det sjølvsagt mange ulike meningar om kva som er samane si historie. Men det medlemmene i EDL er heilt samde om, er at vi, uavhengig av kva som måtte vere samane si historie, er imot samepolitisk motiverte lover og ordningar som undergrev det etniske og demokratiske likeverdet. Noreg er i dag eit fleirkulturelt multietnisk samfunn der likeverd og likskap for lova bør rage høgt.

Når Mikkel Berg Nordlie, som er leiar i SV sitt samepolitiske råd, vel å stemple vår kritikk av visse sider ved samepolitikken som vert ført og forfekta av norske myndigheiter og Sametinget, som antisamisk, så er det ufin kritikk. Når han i tillegg, i innlegget, held tilbake si samepolitiske rolle og framstiller seg sjølv som ein samepolitisk, nøytral historikar og seniorforskar, er det beint fram uærleg og ikkje særleg ærerikt.

Den som vil sette seg inn i kva EDL eigentleg står for og meiner, kan gå til heimesida vår, edl.no, og sjølv lese.