Etter at eg for nokre veker sidan skreiv kommentaren «Washingtons mann i Brussel», er det blitt ein debatt med Tore Nedrebø. Hovudinnvendinga hans er at USA ikkje har interessesfærar, i motsetnad til Russland.
Dette er i strid med 200 års historisk empiri. Nedrebø argumenterer ikkje godt for seg, etter mitt syn. Verdsbiletet hans står fram som selektivt, privat og prega av ønsketenking. Derfor tenkte eg at det berre var eit tidsspørsmål før Nedrebø kom til å skulde meg for å være Putins hjelpar. Sist veke, etter at eg på sakleg grunnlag hadde tilbakevist førre runden hans med innvendingar, kom det. Først legg Nedrebø falske ord i munnen på meg: Han hevdar eg reduserer krigen til ein maktkamp mellom stormaktene, noko eg aldri har gjort. Så skriv han: «Strøksnes spring på denne måten Putins ærend og undergrev Ukrainas fridomskamp.»
Slik talar ein mann som er gått tom for argument. Dette er den usles siste argument.
Les også: «Antiamerikansk relativisme»
Ser ikkje Nedrebø sjølv ironien? Han hevdar det går føre seg ein kamp mellom verdiar, at «vi» slåst for demokrati, ytringsfridom og rett til å søke ei anna sanning enn den vi blir fortalt av våre leiarar. Og når eg skriv ein kommentarartikkel som nyanserer biletet, ved hjelp av historiske fakta, så kallar han meg for ein svikar og nyttig idiot for Putin. Han vil ha slutta rekker og bøygde nakkar rundt den versjonen som Washington til kvar tid serverer oss. Han held for øyra om nokon peiker på at USA òg har starta ei rekke ulovlege krigar som har teke livet av millionar sivile, eller på at landet har militært nærvær over heile verda for å verne sine interessesfærar.
Mi plikt, overfor meg sjølv og lesarane, er å søke sanning på eit objektivt grunnlag og å peike på dobbeltmoral der han finst. Min jobb er ikkje å falle for ein lettkjøpt supporterpsykologi som kolporterer det som er amerikansk propaganda, når denne er i openlys strid med historiske kjensgjerningar. Dette er ikkje mi oppgåve. Det er Nedrebø si, og han har lagt oppgåva på seg sjølv, til og med frivillig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.