Namnet Vinje-senteret
Kultur
Journalisten frå Dag og Tid blei overraska i reportasjen 3. september frå opninga av Vinje-senteret. Nokon hadde fortalt henne at namnet var etter Vinje kommune, ikkje etter A.O. Vinje. Eg er like overraska som journalisten.
Ideen om eit litterært senter i Vinje kom frå kulturavdelinga i Vinje kommune i 2010. Det kan godt hende at dei som då tenkte så stort, sikta til kommunenamnet. Sikkert er det iallfall at Nynorsk kultursentrum knytte namnet til A.O. Vinje frå første stund, og det vil seie vinteren 2011. Gav namnet eit hint om adressa, var det ein pluss, men heller ikkje meir. Difor blei eit utsnitt frå signaturen til Vinje kring 1860 den moderne logoen for senteret. Denne logoen blei lansert vinteren 2016 og var i bruk til Nynorsk kultursentrum sette det heile i [hake]parentes i fjor.
Med åra blei kortformene Aasen-tunet og Hauge-senteret brukte jamt meir. Det gjorde det uaktuelt å etablere Vinje-senteret med anna enn etternamnet. Dette blei planlagt som eit senter for fiksjonsprosa og journalistikk – lyrikken i alle sine former skulle Hauge-senteret ta seg av, og sakprosaen låg alt til Aasen-tunet. Alle tre sentera skulle byggje på nynorsk skriftkultur, men Vinje- og Hauge-senteret skulle også dekkje bokmålslitteraturen. Slik var arbeidsdelinga og fagprofilane tenkte. Resten er praksis.
Ottar Grepstad var direktør for Nynorsk kultursentrum 1999–2018.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Kultur
Journalisten frå Dag og Tid blei overraska i reportasjen 3. september frå opninga av Vinje-senteret. Nokon hadde fortalt henne at namnet var etter Vinje kommune, ikkje etter A.O. Vinje. Eg er like overraska som journalisten.
Ideen om eit litterært senter i Vinje kom frå kulturavdelinga i Vinje kommune i 2010. Det kan godt hende at dei som då tenkte så stort, sikta til kommunenamnet. Sikkert er det iallfall at Nynorsk kultursentrum knytte namnet til A.O. Vinje frå første stund, og det vil seie vinteren 2011. Gav namnet eit hint om adressa, var det ein pluss, men heller ikkje meir. Difor blei eit utsnitt frå signaturen til Vinje kring 1860 den moderne logoen for senteret. Denne logoen blei lansert vinteren 2016 og var i bruk til Nynorsk kultursentrum sette det heile i [hake]parentes i fjor.
Med åra blei kortformene Aasen-tunet og Hauge-senteret brukte jamt meir. Det gjorde det uaktuelt å etablere Vinje-senteret med anna enn etternamnet. Dette blei planlagt som eit senter for fiksjonsprosa og journalistikk – lyrikken i alle sine former skulle Hauge-senteret ta seg av, og sakprosaen låg alt til Aasen-tunet. Alle tre sentera skulle byggje på nynorsk skriftkultur, men Vinje- og Hauge-senteret skulle også dekkje bokmålslitteraturen. Slik var arbeidsdelinga og fagprofilane tenkte. Resten er praksis.
Ottar Grepstad var direktør for Nynorsk kultursentrum 1999–2018.
Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB