Meir havre

Publisert Sist oppdatert

I nummer 1 av Dag og Tid 2024 etterlyser Siri Helle større mangfald i sortar og produkt av havre.

Nettopp! Havren har vore nedvurdert sidan han kom hit i eldre jernalder som ugras i bygg og kveite og føde for den som ikkje kunne velje. Trælens «brød» i Allvismál i Edda – «tungt og klumput og fullt av sådir» (agner) – likna den «Grauten på Grut». Vinje skildra i 1860:

«Det var Havregraut af det rette Slaget, det. Saadirne stodo med Piggar nett som Busti paa ein Griserygg, og svart var han som Oskegraut.»

Kokt på svarthavre altså, dårleg malen og med skal (agner), ein «stikkegraut» som forklarar jamføringa «strieskjorte og havrelefse».

Vi veit lite om historia til svarthavren. Svart skal hjelper villhavren å kamuflere seg i jorda, liksom det frykta ugraset floghavre. «Den kan lætt kiendes fra anden Havre, thi den er lodden og sort», skreiv Engebret Michaelsen Mandt i Historisk Beskrivelse over Øvre Tellemarken i 1776. Altså var havren til vanleg lys. Den vesle istida var havrens store tid og hovudkornet på Vestlandet. Kring 1900 gjekk opptil halve kornareala i Nord-Europa til «hestakonn» – og nymotens grynhavre der større korn, lyst tynt skal og mindre legde var viktig. At svarthavren forsvann forenkla òg kampen mot floghavren.

All havre til mat, svart eller lys, blir i dag avskala og varmebehandla, så feittet ikkje harsknar. Svarthavren er ikkje lenger «svart som oskegraut», for korna er alltid lyse, også merket «Den sorte havre». Det har vekt interessa for «berre havre» med sin «story» om vikinggraut, urkorn, lokalt avla og med «40 prosent mer umettet sunt fett».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement