Kommentar
Eit ope skattehol for kriminelle
Skatteetaten har fått refs frå Riksrevisjonen for slapp kontroll med momssvindel. Årlege momsrefusjonar på 176 milliardar ligg lagleg til for at kriminelle utnyttar ordninga.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Riksrevisjonen slår fast at det er betalt ut momsrefusjon til selskap Skatteetaten sjølv har mistenkt for juks, medan kontrollane er meir enn halvert på ti år.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Revisjonen slår fast at det er betalt ut momsrefusjon til selskap etaten sjølv har mistenkt for juks. Som eit døme blei det utbetalt 56,5 millionar kroner til svindlarar dei hadde mistanke til. Riksrevisjonen konkluderer med at «risikoen for unndragelse og svindel med merverdiavgift er høy». Ein viser til at det kan føra til «urettmessig utbetaling av merverdiavgift».
Moms utgjer om lag ein firedel av statens skatte- og avgiftsinntekter. Ein skulle tru at kontroll på dette området er særs viktig. Nei, slik har det ifølgje Riksrevisjonen ikkje vore. Dei konkluderer med at kontrollen er meir enn halvert på ti år, og at Skatteetaten lèt vera å ileggja tilleggsskatt etter kontrollar.
Sett utanfrå skulle løysinga på alle problem vera innføring av digitaliserte og tillitsbaserte løysingar, men det har ikkje vore nok. No tilrår riksrevisoren at Finansdepartementet sørgjer for at Skatteetaten «har et kontrollnivå på merverdiavgiftsområdet som er godt nok».
Politiet har lenge åtvara om at kriminelle nettverk vert fôra med skattekroner i milliardklassa mellom anna ved juks med moms og misbruk av offentlege register der dei opprettar fiktive firma. Alt heng saman med alt. Dette handlar òg om kamp mot gjengar, klanar og andre kriminelle nettverk som mellom anna veks seg store på skatte- og avgiftssvindel. Slik får dei pengar som kan brukast i ny kriminalitet, til dømes narkotikasmugling.
To store saker
Nav-sjefen måtte gå av etter at etaten hans hadde gjeve feil informasjon til Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Riksrevisjonen. Også her handla det om manglande kontroll. 2,3 milliardar vart betalte ut utan kontroll. For Skatteetaten handlar dette om 176,2 milliardar i momsrefusjonar med risiko for svindel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.