Skule

Nynorskutfordringar i den vidaregåande skulen

Andelen avgangselevar på vidaregåande skule som tek hovudmålseksamen på nynorsk, har gått ned med 25 prosent på to år.

Andelen elevar som brukar nynorsk, går ned både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.
Publisert Sist oppdatert

Stadig færre elevar brukar nynorsk. I grunnskulen har andelen elevar med nynorsk som hovudmål gått ned år for år dei siste 30 åra, til 11,2 prosent i skuleåret 2024/25. Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå og Utdanningsdirektoratet sitt informasjonssystem for grunnskulen. Den einaste trøysta for nynorsken er at nedgangen har vore mindre bratt i andre halvdel av trettiårsperioden enn i fyrste. Om det held fram, står att å sjå. Onsdag denne veka gjekk eit fleirtal av representantane i utval for oppvekst og utdanning i Stavanger kommune inn for å endre målform ved Sjernarøy oppvekstsenter på Finnøy frå nynorsk til bokmål. Berre KrF og SV røysta for å halde på nynorsk, ifølgje Øyposten.

I den vidaregåande skulen er nynorskdelen blant elevane endå lågare, og der er det no ikkje teikn til at nedgangen flatar ut.

Verken Statistisk sentralbyrå eller Utdanningsdirektoratet har landsdekkjande tal som syner utviklinga av elevar med nynorsk som hovudmål i den vidaregåande skulen. Men ser vi på talet elevar påmelde til eksamen i norsk hovudmål i tredje klasse på vidaregåande dei siste ti åra, går nynorskdelen no går kraftig tilbake.

Størst fall i Rogaland

Medan det våren 2023 – blant dei som tok studieførebuande utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse – var 3115 elevar som tok eksamen i hovudmål på nynorsk, var det i vår 657 færre som gjorde det same.

I relative tal svarar det til ein nedgang på 25 prosent, frå 7,2 prosent av elevane som tok eksamen i norsk hovudfag i 2023 til 5,4 prosent i 2025.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement