Med lov skal jorda vernast

Publisert

Endeleg ein artikkel om klimakrisa i Dag og Tid, der Per Anders Todal skriv om globale klimakutt gjennom dei siste tiåra (11. november). Han finn at det ikkje går så bra etter 30 år med internasjonale intensjonar om klimakutt. Det mest positive er at auken i dei totale årlege utsleppa ikkje er så store no som dei var i dei to første tiåra. Men dette er absolutt ikkje nok til å nå målet om 1,5 grader i global overflatetemperatur, heller ikkje eit mål om 2,0 grader.

Den nyaste klimaforskinga tyder på at krisa kan bli verre enn i rapportane til FN. Det mest usikre er kva endringar i fordelinga av skyer får å seie for endringar i drivhuseffekten. Timothy Palmer, ein eminent forskar i klimafysikk ved universitetet i Oxford, finn at slike endringar aukar drivhuseffekten meir enn i tidlegare estimat (Nature, 26. mai 2020).

Det er kjent at oppvarminga kan utløysa vippepunkt der fysiske prosessar blir sette i gang og går av seg sjølve same kva som skjer med klimautsleppa. Forsking tyder på at smeltinga av innlandsisen på Grønland har nådd eit slikt punkt. Ho vil auke av seg sjølv, truleg over fleire hundre år og føre til mykje høgare havnivå på sikt. I permafrost finst det store mengder CO2 og metan som vil nå atmosfæren når frosten smeltar. Teikn tyder på at slike utslepp no aukar, og at eit vippepunkt kan ha slått inn (Damian Carrington, The Guardian, 8. september).

Skal verda oppnå tiltak som monar, må verda forstå at det er produsentane av fossilt drivstoff som har hovudskulda for klimakrisa. Heilt sidan før 1965 har gigantane innan verksemda visst at produkta dei sel, har alvorleg negativ innverknad på klimaet vårt. Med løgn og griskheit har dei gjort alt for å så tvil om auka drivhuseffekt og mobilisert ein hær av klimafornektarar (The Guardian, 8. oktober 2019). Fram til 2017 neglisjerte dei utvikling av fornybar energi totalt. Grådigskapen deira må temjast før dei kveler jorda. Dette kan gjerast ved lover som kriminaliserer sal av fossilt drivstoff. Kapitalismen må ikkje bruke atmosfæren som ei søppeldyngje.

Noreg er eit oljeland med oljepropaganda som grønvaskar at me er mellom dei landa som fyrer mest opp om klimakrisa per person. Propagandaen seier mellom anna at norsk oljeverksemd er ein del av løysinga på klimakrisa. Dette stadfesta Erna Solberg i eit klimaprogram på TV frå BBC før toppmøtet i Glasgow i fjor. Jonas Gahr Støre sa det same på omtrent same tid i eit intervju i Financial Times. Me utfører den galskapen det er å leita etter meir petroleum i ein situasjon der verda lett kan produsera meir enn ti gongar det budsjettet som kan brukast for å nå klimamåla.

Kan me hindre at dei som kjem etter oss, vil oppleva lidingar som overgår alle verdskrigar og pandemiar? Det er dei fattigaste som vil lide mest, dei som er utan skuld. Dei lid alt no. Eit døme er frå det lutfattige Madagaskar. Sør for ekvator blei det før ikkje observert tropiske orkanar, med no opplever dei slike taifunar om lag kvart år, med øydeleggingar som armar dei ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement