Dette går ikkje så bra
Sju år etter at Parisavtalen vart inngått, aukar framleis klimagassutsleppa.
Flaum i Muzaffargarh i Pakistan, 2010. Både flaum og andre typar ekstremvêr er venta å bli vanlegare når den globale oppvarminga går sin gang. Flaum i Muzaffargarh i Pakistan, 2010. Både flaum og andre typar ekstremvêr er venta å bli vanlegare når den globale oppvarminga går sin gang.
Foto: Khalid Tanveer / AP / NTBFoto: Khalid Tanveer / AP / NTB
For tida går nok ein runde med internasjonale klimaforhandlingar, det 27. klimatoppmøtet i rekkja, denne gongen i Egypt. I Sharm el-Sheikh er mykje av merksemda retta mot spørsmålet om dei rike landa skal kompensere fattige land for skadane som klimaendringane påfører dei. Det temaet skal få liggje her. Vi skal i staden sjå på sjansane for at verda skal nå det erklærte målet om å halde den globale oppvarminga under to gradar. Spørsmålet er eigentleg todelt: Er lovnadene som statsleiarane har kome med så langt, tilstrekkelege til å nå måla? Og, viktigare: Er det realistisk at regjeringane i verda skal halde lovnadene sine i åra som kjem? Svaret på det siste kjem dels an på om du har eit lyst sinn, og dels på graden din av teknologioptimisme.
På sjølvstyr
Ramma for den internasjonale klimapolitikken i dag er Parisavtalen frå 2015. Det er ein litt pussig avtale, som avheng av den vedvarande gode viljen til statsleiarane. Det sams målet er å halde oppvarminga «godt under to gradar», samanlikna med førindustriell tid, og prøve å avgrense oppvarminga til halvannan grad. I Parisavtalen melder kvart land inn sjølvdefinerte mål om utsleppskutt i åra framover, og dei skal skjerpe måla sine etter kvart. Så er vona at summen av kutt blir nok til å nå målet.
Men kor godt fungerer eigentleg denne tilnærminga? Det er sju år sidan Parisavtalen vart inngått, og målet om å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar er det få som trur på. (I dag er verda omtrent 1,1 gradar varmare enn før industrialderen tok til.) Togradarsmålet er det derimot framleis mogleg å nå, ifølgje klimaforskarane. Men om det faktisk kjem til å bli slik, er ei anna sak.
Feil veg
Om vi først tek det store overblikket: Korleis har det gått med klimagassutsleppa i verda sidan Parisavtalen kom på plass? Vel, bortsett frå det mellombelse fallet under pandemien i 2020, har det gått galne vegen. Denne veka kom ferske tal frå Global Carbon Project, som lagar årlege rapportar om utsleppa i verda. I år ligg CO2-utsleppa frå kol, olje og gass an til å vekse med kring éin prosent samanlikna med 2021, ifølgje den nye rapporten, og dei er fem prosent over 2015-nivå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.