Matkultur
Matsnobben?
Korleis og kor lenge folk steikjer eit lammelår, varierer stort.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Lars Nyre skriv at eg har ei « snobbete haldning », og held fram at mange likar gjennomsteikt kjøt. Nyre hissa seg med rette opp då eg skreiv at dei som gjer det, kanskje burde ete noko anna enn lammesteik. Eg beklagar dei som vart støytte, men la meg føye noko til: Etter innleiinga om lam gir Nyre seg straks til å skrive om biff. Om at kokkar og kelnerar beklagar seg når dei får tinging på «well done». Han påstår òg at det skulle vere vanskelegare å steikje kjøtet gjennom. Merkeleg argument. Alle kokkar klarer fint å steikje i hel kva kjøt det skal vere. Det er berre å gløyme klokka.
Og han sporar av debatten. Steikjer ein biff, er det eit heilt anna spel enn når ein lagar lammesteik. Fem personar rundt bordet kan fint få velje steikegrad fordi kjøtstykka er individuelle. Steika, derimot, er heil og vert gjennomsteikt for alle om ein lar ho gå opp til 70 gradar og meir.
Difor vil eg seie at om ein ynskjer gjennomsteikt kjøt når ein skal ete påskelammet, bør alle rundt bordet vere einige om at det er det dei vil ha.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.