Mannerheim kunne tala finsk
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid 2. september er Hallgeir Opedal på elsparkesykkeltur i Finland, og han skriv mellom anna: «Mannerheim var ein framifrå språkmann som snakka flytande svensk, russisk, engelsk, tysk og fransk, men ikkje finsk. Det blei nok for komplisert, sjølv for han.»
Ut frå dette sitatet kan ein lett få inntrykk av at Mannerheim ikkje kunne tala finsk. Det kunne han, men ikkje flytande.
Rett nok har eg møtt fleire finlandssvenskar som ikkje meistrar finsk, for ikkje å tala om ålendingar, der eit fleirtal ikkje kan riksspråket. «Landsfaderen» var finlandssvensk, men finsk tala han både i Riksdagen og ved rådslaging med dei høgste offiserane sine, jamvel med dei som var svenske, ifølgje Jörn Donners biografi. (Donners far var Mannerheims adjutant.) Men «Då han var trött och stressad, snubblade han på den komplicerade finska grammatiken», som Herman Lindqvist skriv i sin biografi (Mannerheim. Marsken, masken, myten, 2017).
På toppen av dette kunne han «föra ett samtal på polska» dei åra han var stasjonert i Polen som tsarens general før første verdskrigen, ifølgje den mangeårige venninna og elskarinna, fyrstinne Maria Lubomirska. (Litt sladder: Fyrstinna vedgjekk overfor syster si at Mannerheim var far til hennar tredje barn.)
Til slutt, gjer vel å skrive dei rette, opphavlege namna på nordisk språk på finske byar, det vil seia Helsingfors i staden for Helsinki, Åbo for Turku, og så vidare, nett slik Sylfest Lomheim rådde til i språkspalta si i Klassekampen. Det er lite som rätar dei finlandssvenske meir enn nordmenn og rikssvenskar(!) som skal flotte seg med dei finske namna. Spesielt i ei nynorskavis burde vi vise omtanke for språkminoriteten, nemleg dei finlandssvenske.