JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Magnus Lagabøte, Noregs fjerde Magnus-konge

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4099
20240216
4099
20240216

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

Jørn Øyrehagen Sunde (i Dag og Tid 2. februar 2024) har rett i at Magnus Lagabøtes Landslov var eit storverk. Dei humane draga fortel mykje om kong Magnus sjølv, men òg at det norske mellomaldersamfunnet stunda etter fred og semje etter hundre år med borgarkrig. Eg har eit par korrigeringar og nokre tillegg til det Sunde skriv.

Magnus Lagabøte var den fjerde, ikkje den sjette Magnus-kongen i Noreg, slik Sunde skriv. Katalogen til utstillinga på Nasjonalbiblioteket har same feilen. Den er mykje utbreidd, ikkje minst etter at Norsk biografisk leksikon kom i ny utgåve rundt tusenårsskiftet. I kongerekka er alle Magnusar som sagaene kalla konge, gjevne eit nummer.

Nummereringa har inkje grunnlag i kjelder, noko dei gamle visste. I tre latinske dokument kallar kong Magnus Lagabøte seg for quartus (IV): Perth-traktaten (1266), fredsavtala med England (1269) og Bergenskonkordatet (1273). Båe sønene hans, kongane Eirik og Håkon, kalla seg søner av Magnus IV Håkonsson i omskrifta på segla sine. Håkon V kalla òg faren for Magnus quartus i eit dokument frå 1310. Alle desse kjeldene er dokumentariske og samtidige.

Asgaut Steinnes drøfta kongerekka i Aftenposten 23. august 1957: «Om rekkjenummer på norske kongar i mellomalderen». Den første sagakongen han ekskluderte, var Magnus Haraldsson, den eldre broren til Olav Kyrre som døydde før han. Den andre var Magnus Blinde, som måtte dela kongedømmet med Harald Gille. I Snorres kongesagaer vert òg Harald Gilles son Magnus nemnd som konge saman med brørne Øystein, Sigurd og Inge. Han døydde tidleg, og få har rekna han blant Noregs kongar.

Når Magnus rekna seg som Norges fjerde Magnus-konge, kan to eller tre med same namn ikkje verta rekna inn i kongerekka, sjølv om pretensjonen kanskje var der. Steinnes fann at dei som vart rekna inn i kongerekka, anten var einekongar eller galdt for å vera det. Det passar med mi vurdering: Noregs konge måtte rå over Norvegr, den vestnorske ’vegen mot nord’ som fall saman med Gulatingslagen. Arveleg einekongedøme vart lovfesta i tronfølgjelova frå 1163, men var òg viktig for Sverre og Sverre-ætta.

Den andre feilen i Sunde sin artikkel er at Landslova blei lagd fram fyrste gong på Frostatinget i 1274. Alle biskopane var til stades i sine tinglag da Landslova vart vedteken, men frå Gottskalks annal veit vi at sumaren 1274 var erkebiskop Jon Raude framleis i Frankrike. Han leid skipbrot i Eidsvåg måndagen etter allehelgensdag, 5. november 1274. Gåva til kong Magnus frå den franske kongen, ein splint av Kristi tornekrone, vart berga.

I 1275 var ikkje berre erkebiskop Jon på Frostatinget, men òg kong Magnus, dronning Ingeborg og sønene Eirik og Håkon. Det høver med at Landslova vart lagd fram der denne sumaren.

No er det framlegginga i 1274 vi markerer med 750-års jubileet. Det er signifikant at det skjedde på Gulatinget, i landsluten som opphavleg var Noreg.

Oppbygginga er etter mitt skjøn det mest interessante ved Landslova. Rettshistorikaren Gudmund Sandvik har overtydande vist korleis lova er bygd opp etter romarrettslege prinsipp.

Tingfarebolken står fyrst og gav kongen og hans lagmann kompetanse i alle spørsmål som lova dekte. Kristendomsbolken avgrensa kongens og biskopens mynde i høve til kvarandre. Grunnlaget for kongen er den kristne truvedkjenninga. Bolken åtvarar mot falske kongar, ei påminning om borgarkrigane, følgt av den nye tronfølgjelova. Desse to bolkane er sjølve det konstitusjonelle grunnlaget for kongedømet.

Dei neste, landvernbolken og mannhelgebolken, tek for seg vern mot ytre og indre fiendar, primære oppgåver for ein kvar stat. Dei andre bolkane i Landslova dekker sivilretten og galdt tilhøvet mellom undersåttane. Denne oppbygginga gjorde Landslova slitesterk gjennom fleire hundreår.

Konklusjon: Noregs konge Magnus IV Håkonsson la fram Landslova i 1274 på Gulatinget, tinglaget for det gamle Norvegr.

Eldbjørg Haug er professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Kristendomsbolken avgrensa kongens og
biskopens mynde i høve til kvarandre.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis