Kommentar

Rettsstaten slår tilbake

Vi snakkar om sjølvskading av monumentale dimensjonar for Donald Trump, noko vi skal vere glade for. Problemet er berre at utskjelling av høgsterett har fungert før.

Donald Trump har fått ein domstol som har utvida presidentmakta langt ut over det som har vore vanleg. Og det er nett denne domstolen han no skjeller ut, og med det truleg kjem til å miste. I fremste rekkja frå venstre: Sonia Sotomayor, Clarence Thomas, John G. Roberts, Samuel A. Alito og Elena Kagan. Bak: Amy Coney Barrett, Neil M. Gorsuch, Brett M. Kavanaugh og Ketanji Brown Jackson.
Publisert Sist oppdatert

Fredag 20. februar slo den amerikanske høgsteretten fast at president Donald Trumps tollsatsar er ulovlege. Med seks mot tre stemmer slo retten fast at lova Trump hadde brukt som heimel – International Emergency Economic Powers Act (IEEPA) frå 1977 – ikkje gjev presidenten mynde til å innføre toll.

Dommen er massiv: 170 sider med sju separate votum, der førstevoterande John Roberts skreiv hovudvotumet, Neil Gorsuch la fram eit samtykkjande særvotum på 46 sider, og Brett Kavanaugh førte hovuddissensen for dei tre som ville frikjenne presidenten. Dommen er fascinerande lesnad, ikkje minst korleis dei ulike dommarane kommenterer og nærast latterleggjer kvarandre sine posisjonar.

Fullmakt i nød

Lova vart laga for å gje presidenten fullmakter i naudssituasjonar til å fryse formuesgode og avgrense finansielle transaksjonar. Ingen president før Trump hadde freista å bruke henne på den måten som Trump har gjort.

Og det er ikkje så merkeleg: Lova nemner ikkje toll med eitt ord, og toll og skatt er tradisjonelt kjernen i det Kongressen skal drive med. Slik har det vore sidan den amerikanske sjølvstendefråsegna i 1776.

Trumps «Liberation Day»-satsar frå april 2025 ramma nær sagt alle handelspartnarane, med tollsatsar på opptil 145 prosent på kinesiske varer. Amerikanske styresmakter har kravd inn anslagsvis 160 milliardar dollar i IEEPA-toll. No blir spørsmålet om pengane skal betalast tilbake. Det kjem til å bli eit reint helvete juridisk og praktisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement