På tomannshand

Herborgs danske verd

SKAGEN: Etter 25 år i Danmark er Herborg Kråkevik tapt for gamle Noreg. Ho har slått rot. Nei då. Jo då.

– No skal eg sjå klok og syndig ut, seier Herborg Kråkevik. Det klarar ho ikkje... eh...
Publisert Sist oppdatert

Det er bitande kaldt, og det er ikkje slik Skagen skal vere. Her skal det vere sol frå blå himmel og glade born med raudbrend nakke og smeltande softis i handa. No er det folketomt i dei snødekte gatene, og isvind frå sør. 

Det luktar fiskeolje.

Men der, inne i det vesle kvitkalka murhuset, er det tente stearinlys og glør i peisen. Denne morgonen vakna Herborg Kråkevik klokka sju, og så gjekk ho tur med Karla nede på Sønderstrand. Ho sende mobilbilete av bølgjer, klittar, marehalm, snø og sand og ein logrande golden retriever. Ho skreiv: «Det er vilt her i dag! Og ljoset om vinteren er nesten vakrare enn om sommaren. Du kjem hit 12 og så går me til Brøndums.»

– Pass hovudet!

Eigentleg vil ho ikkje møte journalistar på Skagen, og i alle fall ikkje ha dei i hus, ho likar ikkje å vere vertinne, slappar ikkje av. Men så må ho ha ombestemt seg.

Etter å ha vist rundt i det som ein gong var eit gardshus, dette var stova, her sov dei, pass hovudet, her hadde dei sauene, står ho på kjøkenet. Langt grått skjørt, kvit bluse, håret sett opp og svarte støvlettar. Det duftar rundstykke og kaffi. Ho er i eit perlande humør. Vi skal ikkje på Brøndums Hotel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement