Kommentar
Ein ny norsk OL-floke
Eit nytt OL som klumpar seg saman på Austlandet, kjem ikkje til å samle politisk støtte.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og kronprins Haakon saman med stafettgullvinnarane Emil Iversen, Martin Løwstrøm Nyenget, Einar Hedegart og Johannes Høsflot Klæbo på vinter-OL i Milano/Cortina.
Foto: Lise Åserud / NTB
Ein ny OL-debatt seglar no opp att for fullt i Noreg. Det er ingen veg utanom etter den norske medaljefesten i Italia dei siste vekene. Fleire parti opnar derfor døra på gløtt for ein ny norsk søknad.
Både statsminister Jonas Gahr Støre, den nye leiaren i Høgre, Ine Eriksen Søreide, og Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet sender tydelege og positive signal. Frp, som for tida er det største partiet i landet på fleire meiningsmålingar, er imot, det må sjølvsagt nemnast.
Men med Frp sin historikk for å skifte meining er dette standpunktet truleg ikkje hogge i stein. Det kjem mykje an på kva veg vinden blæs i opinionen.
OL-saka vekkjer uansett vonde minne om opprivande stridar. Om eit OL i Noreg i det heile skal ha ein sjanse til å nytte store beløp frå skattebetalarane, må det gjerast til noko meir enn berre sport.
Diverre for idretten sjølv har skipresident Tove Moe Dyrhaug gjeve den nye OL-draumen ein svært dårleg start. Alt på avslutningsdagen i Italia sa ho på NRK Dagsrevyen at ettersom Noreg skal arrangere VM i alpint i Narvik i 2029, må eit nytt norsk OL gå i Sør-Noreg.
Snakk om bomskot. Skipresident Dyrhaug er i alle fall ingen stor strateg. Ho starta lokaliseringsdebatten på fyrste dag. Skipresidenten ser ut til å ha lært lite av dei tre mislukka OL-søknadene i Noreg dei siste 25 åra: Tromsø i 2014 og 2018 og Oslo i 2022. Alle tre havarerte på grunn av strid om lokalisering, og etter kvart også mangel på politisk støtte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.