Noreg kunne ha vore ein fredsmeklar i Ukraina, påstår Ketil Bø i Dag og Tid 14. juli. I staden har me valt ein «konfronterande politikk» og leverer våpen som «spreier død og øydelegging», heiter det.
Men eit grunnlag for fredsmekling finst ikkje. For Putin har Ukraina ikkje rett til å eksistera, det er ein del av Russland. Målet hans var å ta heile Ukraina. Skal dei då møtast på midten, slik at han får halve Ukraina?
Resultatet av norsk fredsarbeid har nå vore så ymse, jf. Palestina og Sri Lanka, og magiske evner trur eg norske diplomatar ikkje har. Det er også ein temmeleg naiv tanke at Russland har spesiell godhug for Noreg. Tidlegare har vel interessene deira vore andre stader, og etter Nato-medlemskapet i 1949 held dei fingrane av fatet. Utan dette hadde me blitt utsette for press og bøllepolitikk. «Fred» kan det nok bli, om Ukraina slepp opp for våpen, men ufatteleg liding og øydelegging først, for gje seg vil dei ikkje.
Noreg er ein «helar» av våpen til «stelaren» Ukraina som brukar dei til død og øydelegging, ifølgje Bø sin noko rare tankegang. Utan våpenhjelp utanfrå vil Ukraina vera forsvarslaus mot dronane og rakettane Putin pøsar inn over landet, mot sjukehus, skular og bustadblokker. Takka vera våpenhjelpa har landet vore i stand til å skyta ned mykje av dette.
Utan våpenhjelp kan Putin jamna ukrainske byar med jorda, slik han gjorde det i Tsjetsjenia og Syria og med umåtelege lidingar for folket der. Deretter ventar brutal undertrykking, tortur og avrettingar, som ein alt har sett i område dei har okkupert.
Han er samd i at Russland er skuld i krigen, og at det var «ein kjempetabbe». Men målet kan ha vore å hindra Nato-medlemskap, i staden for innlemming. Her har nok Bø eigentleg konkludert med det første. Men Nato-medlemskap var ikkje aktuelt i 2022, «spesialoperasjonen» som har hindra Nato-medlemsskap starta i 2014, ikkje i 2022.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.