JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kunne Noreg ha bidrege til ei løysing på krigen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Verdas største og mest moderne hangarskip, USS «Gerald Ford», seglar ut Oslofjorden.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

5604
20230714
5604
20230714

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Krigen i Ukraina

Eg er klar over at denne artikkelen ikkje er «stuerein», men i ei tid med fastlåste meiningar i massemedia er det nødvendig at krigen i Ukraina blir analysert og diskutert frå så mange synsvinklar som mogleg for å sjå om det finst betre alternativ enn å sende stadig fleire og meir avanserte våpen som spreier død og øydelegging. Noreg kunne valt å bruke den internasjonale erfaringa si med fredsmekling, men valde i staden ein konfronterande politikk som hittil har blokkert dette alternativet.

Observasjonar og historiske parallellar i tid og stad tvingar fram ei rekkje spørsmål der det vil vere klargjerande at problema blir tekne opp til diskusjon.

Det er lite usemje om at det er Russland som er skuld i krigen med invasjonen av Ukraina, men me bør spørje: Var invasjonen eit imperialistisk prosjekt for å innlemme Ukraina i Russland, eller var det ein «spesialoperasjon» for å hindre at Ukraina blir medlem av Nato? Svaret på desse spørsmåla er sentrale når det gjeld argumenta om at Russland vil utgjere ein trussel mot Vesten dersom krigen blir avslutta utan at Ukraina vinn krigen. Eit anna poeng i samband med dette er kor sannsynleg det er at Russland vil angripe Vesten, som har ein meir avansert militærteknologi og eit militærbudsjett 20–30 gonger større enn sitt eige?

Uansett grunn var invasjonen ein kjempetabbe av Russland som dei no må betale for. Men betyr det at me skal bruke milliardar på å bidra til å ta livet av tusenvis av unge menneske på begge sider? I ein atmosfære som minner om tida før krigsutbrotet i 1914, då delar av Europa ønskte krig, må me ikkje gløyme at dei tusenvis av drepne og lemlesta menneska på begge sider har foreldre og barn som er glade i dei.

Likevel ser me ei kompakt semje, i vår del av verda, om at det er berre tilgang til uavgrensa mengder av våpen og ressursar til Ukraina som kan få slutt på krigen. Denne massive våpenleveransen gjer det uklart kven som er aktørane i krigen. Dei fleste av oss er samde i utsegna «helaren er ikkje betre enn stelaren». I dette tilfellet er det spørsmålet om leverandørane av våpen og ressursar til krigføringa er betre enn dei som bruker våpena til død og øydelegging.

Å kalle den norske ukrainapakken på 75 milliardar opp etter Fridtjov Nansen burde ført til ein proteststorm frå historikarane våre. Så seint som den 22. mai sa Stoltenberg at me må førebu oss på ein langvarig krig, noko som betyr at mesteparten av pakken vil gå til våpen.

Før krigen var dei fleste politikarar samde om at krig ikkje kan løyse internasjonale konfliktar. Desse må før eller seinare løysast via diplomatiske forhandlingar der begge partar må gi og ta. Ifølgje Kissinger er dette berre mogleg med ei realistisk og praktisk tilnærming, ikkje moralske betraktningar om kva som er rett og gale. Kvifor gjeld ikkje dette krigen i Ukraina?

Eit tilbakeblikk på historia viser at Noreg kunne hatt ei unik moglegheit til å bidra som fredsmeklar i konflikten: Noreg og Russland har aldri vore i krig med kvarandre. Noreg er eit lite, ufarleg land utan imperialistiske ambisjonar. Noreg hadde ei høg stjerne både i Russland og i Ukraina på grunn av Fridtjov Nansens innsats etter første verdskrig. Mindre kjent er det at Russland, ved å leggje press på Sverige, «redda» grunnlova vår i 1814. Som eit av dei få områda i Europa etter andre verdskrig, trekte russarane seg frivillig ut av Finnmark, sjølv om dei hadde behov for hamner i nordområda. Delingslinja mellom Russland og Noreg i nord blei etablert i 2010 utan fysisk konflikt.

Dei siste året har dessverre den norske regjeringa truleg skusla bort ei unik moglegheit til å bidra til ei løysing.

Noreg hadde store ambisjonar om å bidra til fred og avspenning i verda ved aktiv fredsmekling. Me må innrømme at fredsmeklinga ikkje alltid har gitt resultat, men me har prøvd. Historia viser på den andre sida at solidaritet med våre allierte, med bruk av militære ressursar i til dømes Libya og Afghanistan, har vore ein katastrofe. Kvifor har me ikkje lært noko av dette?

Noregs basepolitikk har fungert godt sidan skipinga av Nato i 1949. No har regjeringa gitt grønt lys for etablering av utanlandske basar på norsk jord. Til og med utan norsk jurisdiksjon innanfor basane.

Noregs våpenpolitikk var å ikkje levere våpen til land i krig eller der krig truga. Dette er no reversert. No leverer me våpen til eit land i krig. Norsk utanrikspolitikk har tradisjonelt vore å føre ein føreseieleg, ikkje-konfronterande utanrikspolitikk. Regjeringa har utan vidare reversert også den politikken og er no ein av dei mest konfronterande og største bidragsytarane til krigen basert på innbyggjartalet.

Verdas største og mest moderne hangarskip, eit monster av ei drapsmaskin, truleg med atomvåpen om bord, som segla inn Oslofjorden stadfestar at den historiske tryggingspolitikken vår er forlaten.

Resultatet av store våpenleveransar, opplæring av soldatar, boikott og stenging av dei fleste diplomatiske kanalar og så bortetter, er at me no må trappe opp «beredskapen» og førebu oss, ifølgje både politikarar og militære, på provokasjonar og moglegheit for krig. Det kan dessutan føre til at avtalane om delingslinja i Barentshavet og Svalbard kan komme i spel. Kvar er no fredsrørsla og antiatomaktivistane?

Politikarane er valde for å ta vare på «vanleg folks» tryggleik og velferd. Trur dei verkeleg at me bidreg meir til vår eigen tryggleik og velferd ved å bruke milliardar på våpen til Ukraina enn om me hadde valt fredsmeklingsalternativet?

Kva er plan B dersom avskrekkingsstrategien ikkje fungerer?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis