Loven vest for Sauda
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Fløgstad får fyr på den raude flammen i sitt svarinnlegg til meg den 23. september. Eg kan ikkje lese han annleis enn at han ser på retten som eit reint uttrykk for politisk makt og sosiale interesser. Paragrafane og dei juridiske resonnementa til juristane er snurrepiperi og staffasje. Den amerikanske grunnlova er truleg den konstitusjon i verda som sterkast sikrar sjølvstende for domstolane. Men hjå Fløgstad blir amerikanarane sin vørdnad for konstitusjonen stilt ut til lått som «grunnlovsmetafysikk». Kva er då skilnaden mellom folkedomstolar i Kina og på Cuba og det amerikanske rettsstellet, det er makta som rår, okke som.
Eg konstaterer at han hoppar over mi påvising av at den sterkast angripne domen frå høgsteretten, abortavgjerda, står stikk i strid med forteljinga om auka rettsleggjering. Den attendeviste teorien om «nyliberalismen» som forklåring på rettsleggjering, vert korkje forsvart eller gjeven opp. Han gjev rett nok eit døme på ein sak, som lèt seg kjenne att som ei avgjerd frå høgsterett frå mai i år der fleirtalet sette til side ein lov som sette grenser for donasjonar til valkampen til kandidatane. Den tolkinga fleirtalet då gjorde av grunnlovstillegget om ytringsfridomen, kan ein med god grunn stille seg kritisk til, men at avgjerda i sin konsekvens faktisk «svekkjer folkestyret», som han seier, er ikkje gjeve.
Domarar utnemnde av Trump høyrer til den «juridiske juntaen som i dag har livsvarig makt til å overprøva folket i val», skriv Fløgstad. Han har nok ikkje fått med seg at Trump var lite nøgd med at desse domarane ikkje var viljuge til å overprøve utfallet av presidentvalet.
Fløgstad ser openbert heller ikkje sjølvmotseiinga i sitt syn på prinsippet om livsvarig utnemnde domarar når han i same andedrag syner til at USA her går i same retning som mellom anna Polen. At den polske regjeringa sette ned pensjonsalderen for domarane, saman med andre åtgjerder som svekkjer stillingsvernet deira, er hovudpunkt i EUs kritikk når det gjeld uavhengnaden til domstolane i det landet, som ein må tru Fløgstad her støttar seg til. Men i USA er altså det sterke stillingsvernet til domarane noko som styrkjer den politiske karakteren deira, om eg forstår han rett. Kvar er logikk og konsistens?
Han skriv at «Utnemninga av høgsterettsdomarar er (...) direkte underlagd det til kvar tid herskande politiske fleirtalet» (men dei kan altså ikkje verte sparka av det same!). Jau, slik er det i mange land. Når det gjeld amerikanske høgsterettsdomarar, er det rett at utnemninga har eit sterkt politisk drag, nettopp på grunn av den spesielle rolla dei har ifølgje grunnloven. Men ingen vert utnemnde ut frå kva dei meiner om presidentpartiet sitt politiske program. Sentral er derimot haldninga deira til grunnlova og prinsippa for korleis den skal tolkast. Og domarane ser ikkje på seg sjølv som kjøpte og betalte av dei politiske makthavarane.
Det er rett at ein i dag har ein høgsterett som er langt på veg delt i to blokkar, «konservativ» og «liberal». Og fleirtalet har teke fleire avgjerder som Biden-regjeringa sterkt misliker. Slik er det i eit system basert på tydeleg maktfordeling, på checks and balances, prinsipp det amerikanske demokratiet er tufta på. Når dette vert fasthalde som eit «skrekkeksempel», held eg for min del fast ved at gang-
synet sviktar grovt. Men eg ottast for det signal som Biden gjev når han – som noko heilt nytt – gjer krav om kjønn og hudfarge til avgjerande kriterium for utnemningar.