Debatt
Litt om Jafet Lindebergs bakgrunn
Teltbyen skyt opp på «The Golden Beach», sommaren 1900. Da stod huset til Jafet Lindeberg allereie der, i andre enden av Nome, usynleg på bildet. Det er tatt av dei norskætta brørne Lomen, som bygde opp eit fantastisk fotoarkiv og mangt anna i Nome.
Eg har med stor interesse lese Svein Sæters artikkel, «Jafet Lindebergs saloon». Det er flott at han bokstaveleg talt har gått i fotefara både til sin eigen bestefar og min gammalonkel, Jafet. Eigne opplevingar og observasjonar gjer teksten unik og fengande. Men viss dei skriftlege kjeldene ikkje alltid er heilt til å stole på, eller at forfattaren dreg eigne slutningar når kjelder manglar, då vert det fort feil.
Jafet var ikkje reingjetar. I radiointervjuet med Henry Carlisle i desember 1960 sa Jafet at han aldri hadde hatt noko å gjere med reinsdyr. Men som han la til, Kautokeino-samar pleidde å komme til kysten om sommaren med dyra sine. Så sjølvsagt hadde han greie på reindrift. Jafet var hyrt av Sheldon Jackson fordi han var språkmektig, tornedalsfinsk var morsmålet hans, samisk kunne han fordi dette var det mest brukte talemålet i Kvænangen. Engelsk hadde han lært av læraren sin, Hans Hansen. Dessuten noko tysk, engelsk og fransk. Russisk lærte han i Russland i vandreåra sine 1893–1895. I desse åra oppheldt han seg òg i Finland og på Island.
Han var ikkje son av ein svensk gruvearbeidar. Rett nok var Isak Wilhelm Lindeberg fødd i Kaunisvaara i Pajala i 1832, men han var berre to år då far Fredrik Christian, mor Caisa, halvsøster Anna Caisa, bror Johan Fredrik og søster Eva Marie utvandra til kopparverket i Kåfjord, Alta. Vesle Eva Marie døydde tidleg på sommaren samme året dei kom. Fredrik Christian gjekk bort i januar 1835, men Caisa fekk ein ny partnar som ho gifta seg med. Truleg fekk begge sønene arbeid på Verket rett etter dei blei konfirmerte, Isak i 1847. Etter ei tid drog Isak til Kvænangen og jobba på kopparverket der fram til 1864/65. Då fekk han seg gard på Bankenes, som ligg midtvegs på austsida av fjorden.
Familien var full av sjølvlærte geologar. Det stemmer nok ikkje heilt; berre farbroren, Johan Fredrik, hadde heile yrkeslivet arbeidd i gruvene i Kåfjord, dei siste tjue åra som stiger (arbeidsformann). Han var det som tipsa nevøen om kor han burde leite etter gull, og korleis ein vaskar gull. Johan Fredrik Lindeberg (1828–1906) levde i eit miljø der mange hadde god greie på geologi, både ingeniørar og kollegaer. Ein av dei var den høgt respekterte svogeren hans, Johan Petter Tiberg. Og truleg fann han faglitteratur på biblioteket. Etter at kona Marie døydde i 1892, flytta Johan Fredrik til Bankenes og budde der i sine siste leveår.
Tidleg på 1950-talet reiste han til Oslo for å be om løyve til å starte leiteboring. Ifølgje det nemnde intervjuet besøkte Jafet heimlandet fleire gonger fram til første verdskrig. «Thereafter I haven’t been back at all.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.