Idrett

Litt meir om 10.000-meteren

Sverre Lunde Pedersen var nær gullet på 10.000-meteren under VM i Amsterdam i 2018. Halvvegs leidde han klårt før han datt i ein sving og mista sigeren.
Publisert

«Når du skal gå ti tusen meter på skøyter, så er det veldig langt til mål,» sa fanaguten Sigurd Henriksen, som kom på sisteplass i øvinga under OL i Milano (men likevel framfor dansken Thorup, som måtte gje seg).

Redaktør Gjerdåker skriv i Dag og Tid 20. februar om kor vanskeleg det er å ta olympisk gull. I den forvitnelege gjennomgangen av dramatiske milløp er det likevel overraskande at han ikkje eingong nemner dei olympiske vinterleikane i 1988. I desember året før hadde Geir Karlstad sett verdsrekord med tida 13.48.51 – førstemann under 14 minutt. Det skjedde i Calgary, der OL gjekk føre seg nokre månader seinare. Då gjekk det gale: Karlstad glapp taket i ein sving og måtte gje tapt for sentrifugalkrafta. Dei syrgjelege bileta av Karlstad som måtte gje opp løpet, vart symbol for dei svakaste norske resultata i vinter-OL nokon gong.

Svenske Tomas Gustafson vann, med ny rekord (13.48.20). Men Karlstad gav ikkje opp – i Albertville fire år seinare tok han bronse på mila og gull på 5000 meter. Dessutan vart han førebilete og mentor for Johann Olav Koss og Kjell Storelid.

Under Lillehammer-leikane i 1994 sette Koss som kjent tre verdsrekordar og vann tre gull. Storelid følgde hakk i hæl, med sølvmedalje på både 5000 og 10.000 meter. Stordabuen innvarsla ein ny epoke i skøytesporten: På denne sida av tusenårsskiftet har Hordaland fostra mange av dei beste skøyteløparane utanfor Nederland! Mellom desse er Sverre Lunde Pedersen i fremste rekkje. Som allroundar vann han to junior-VM; som senior har han fire sølvmedaljar. Nærast gullet var han i 2018, då han leidde klårt før 10.000-meteren. «Det same gjorde han halvvegs ut i løpet,» skriv Gjerdåker, «men så datt han i ein sving og mista sigeren.» Ikkje noko meir. Men det er meir som lyt seiast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement