Noregspris

Litt betre økonomi

Publisert Sist oppdatert

Forståsegpåarar med ulike ståstader uttalar seg kritisk om noregspris på straum. Sist ute er økonomiprofessor Lars Sørgard i Dag og Tid nr. 39. Straumsparing og energieffektivisering vert ikkje lenger lønsamt, og aktørar utan noregspris vil få dyrare straum.

Dei som eventuelt får dyrare straum, må vel verta endå meir motiverte for sparing og effektivisering?

I region sør utgjer nettleiga + avgift ofte meir enn kraftkostnaden. For juni 2024 kosta eit forbruk på 828 kWh 1470 kr, eller 1,77 kr/kWh. For januar var tala 1985/2892 eller 1,46 kr/kWh. Med noregspris ville kostnadane vore 1,41 og 1,17 kr/kWh. Trur vi verkeleg dei sistnemnde prisane får oss til å bruke straum i hytt og pine?

Kontantutbetaling kunne vore ei alternativ straumstøtteordning. Men eit par tusenlappar inn på konto endrar ikkje konsumenten si marginale betraktning omkring pris og forbruk av straum. Det vert same jaget etter å få lagt forbruket til timane og dagane med lågast pris. Støtta kan like gjerne gå til øl!

Alle er uroa over dyrare mat, renter og høgare bustadprisar. Men eit av våre viktigaste basisgode, straum, kan altså gjerne stiga i pris. For at solceller skal verta mindre ulønsame. Men solceller vil alltid vera ulønsame, ettersom alle solceller leverer straum til same tid, midt på dagen, når prisen er låg! At vi her i landet har fått jojoprisar, skuldast jo nettopp at Tyskland har installert enormt med solkraft (100 GW).

Vi slepp no å uroe oss for stive straumprisar. Vi får ei viss utjamning mellom prisområda, og vi treng ikkje sjekka straumprisen til alle tider.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement