Leve nisjekyllingen

Publisert

Nokre gonger, når debattar står i fare for å verte vel tekniske og detaljerte, er det lurt å ta eit steg attende. Det trur eg Dyrevernalliansen, eg og diskusjonen om Rema-kyllingen Hubbard JA787 skal gjere nett no.

Anton Krag argumenterer i Dag og Tid 9. mars for at dei ikkje kan prioritere små nisjemarknader, men må «hjelpe de dyrene som trenger det mest», altså dei i den mest intensive produksjonen.

Lat oss sjå på kva ein «nisje» er for noko. Ordet kjem frå fransk og tyder, pussig nok, «bygge reir». Her kunne vi sagt mangt og mykje om kva biologiske føresetnader fjørfehybrid har for å bygge reir og ikkje, men lat det ligge for no.

Ifylgje Store norske leksikon er storleiken på ein nisje i ein marknad avhengig av storleiken på marknaden – og det som er nisje i ein marknad, treng ikkje vere det i ein annan.

Det er inga naturlov at kjip kylling skal vere billeg. Tvert om: Kylling som vert fôra opp på høgverdig menneskemat, er blant dei mest unødvendige kjøttypane vi har. Særleg om vi ser han i samanheng med det enorme høneoverskotet vi sit på her i landet.

Eg har heller ikkje sett at Dyrevernalliansen har utfordra samanlikninga mi av Hubbard JA787 med den andre medium sakteveksande kyllinghybriden Ross Rowan, som alliansen i 2014 omtalte som «halvt monster».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement