Utdanning
Leselister sikrar brei kunnskap
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen vil ikkje ha leselistene som kunnskapsministeren kjem med. I Dag og Tid 20. mars verkar han vere lei at skulen atter er til kritisk vurdering. Har Nicolaysen kanskje gått lei at det er skulefolk med eit tradisjonelt læringssyn som no er dei kritiske utfordrarane i skuledebatten, medan Nicolaysen og kunnskaps-fornektarane i skulebyråkratiet, i pedagog-miljøa og på dei nasjonale lærings-sentra må forsvare standpunkta sine?
Nicolaysen stiller seg oppsiktsvekkjande usolidarisk i skuledebatten når han klandrar Gudmund Hernes’ prosjekt, som skulle gje heile folket fellesreferansar. Usolidarisk fordi forsking viser at instruktivopplæring med mål om felles referanserammer faktisk byggjer ned skilnadene mellom elevar i skulen. Dette er påvist av blant andre E. D. Hirsch, som Nicolaysen altså blir fælen av å høyre på – utan å komme med eit einaste motargument.
Det er ikkje kunnskapsministeren, men Nicolaysen som klamrar seg til 1990-talet med si blinde tru på universelt overførbare evner og kompetansar og den perverst kunstige motsetnaden mellom forståing og kunnskap.
Informasjons-optimistane frå 1990-talet pregar framleis skuleverket. Dei trur at kunnskap berre erinformasjon, og at han kan hentast inn når det trengst, like lett som lungene tek opp surstoff når eintrekker pusten. For 90-tals-optimistane er ikkje kunnskap grunnleggjande i kompetansebygginga. Deitoler ikkje ordet kunnskap. I staden nøstar dei tråden frå feil ende; først skaffar ein seg evner, som i neste runde skal gje forståing. Pugginga skal vekk, fordi ho står i vegen for forståinga, seies det. Dette er det synet som rår i skuleverket. Nicolaysen er hjarteleg velkomen med i kampen for å kvitte seg med denne 90-talls-arven, i staden for å angripe leselistene.
Å nemne kva som skal lærast, er ein god ting. Det gjer vi kvar einaste undervisningsøkt. Korleis kan nokon vere imot innhaldslister?
Alle i skulen treng klåre, konkrete føresegner om kva som skal lærast når. Innhaldsvegringa i læreplanane avlar innhaldslause og ubrukelege læreverk. Dagens impotente skulebyråkratiske språkskapar innhaldsmessig innavl. Ungdomsskuleelevar risikerer å lese eventyret om Raudhette både på ungdomstrinnet og i vidaregåande. Ingen på det eine nivået i opplæringa veit kva som blir undervist på det andre. Kva slags retning har ei slik opplæring?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.