Lektoren – stjerna på laget

Publisert Sist oppdatert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det er ikkje usannsynleg at Jon Hustad (i «Lektoren er ikkje det han eingong var», Dag og Tid 17. juni) sjølv har vore i klasserom og kjent høgspenninga i feltet mellom forventningane til elevane og føresette, den pedagogiske grunnloven om eleven-først, lov og reglar i føremål, rettleiingar, læreplanar, mål og delmål. Eg saknar her, med utgangspunkt i vidaregåande skole, ei framheving av den positive krafta lektorane var og har vore i heile utdanningsverket, ikkje berre i vidaregåande opplæring. Det gjeld ein verdikamp som er uttrykt i føremålet til skolen generelt. Dette stiller krav som kan kome i konflikt med rådande ideologi på eigar- og statsadministrasjonssida.

Ein identitetsformel for lektoren i vidaregåande skole var å vere ei høveleg blanding av Mor Theresa, Einstein og Stalin. Å vere glad i det mognande mennesket, å vere trygg i djup vitskapsorientert utdanning, å vere sterk nok til å stå imot press i evalueringa som rykka ved kjernen i det nemnde feltet. Føremålet med skolen var og er denne kjernen.

Det var lektorane som i første rekkje kjende ansvar for dette føremålet. Vi vart kritikarar av den herskande ideologien New Public Management som skoleeigar, departement og direktorat tvang på oss med heile brystkassa av byråkratisk autoritet. Hustad sveipar gjennom solnedgangshistoria for lektoren allereie frå 1980-åra og som enda med knall og fall på totusentalet. Hustad samanliknar gjerne med statlege ingeniørar, som til slutt kjem sigrande ut på lønnsstatistikken.

Det er riktig at lektorgruppa kunne handla meir taktisk i lønnspolitikken. Dei mest idealistiske av oss heldt fast på solidaritetsprinsippet og kravde sentrale lønnsoppgjer medan ei anna gruppe (der eg var med) frå 1997 braut ut og slutta oss til Akademikarane som køyrde på lokale forhandlingar. Dette vart ikkje utan ein viss rett sett på som judaspengar. Men i dag er situasjonen snudd til gunst for dette standpunktet over heile fjøla. Solidariteten kosta for mykje. No er lektorgruppa kjøpt opp og tukta frå fagleg arroganse til pedagogiske handlangarar, slik eg forstår Hustad.

Lektor er ein tittel utan vern og med uklårt innhald. Likevel pregar lektorar store delar av utdanningsverket frå grunnutdanning til høgskole- og universitet. I ånda til lektorane lever idear om, ikkje å være suveren, men å ha sjølvtillit nok til å stå opp mot oppkjøp av lydnad for framande, ikkje minst økonomiske krefter. Dette er arven frå lektorideologien: å søke støtte og tillit hjå folk flest og politikarar for å sikre humanistiske grunnverdiar uttrykt fremst i føremålet for skolen. Det er kjernen i ein ny humanisme som går vidare enn antropocen og globalisme. No sist talar ein om ansvar for heile skapnaden, det planetære. Vi er med på laget.