Kvifor tømme universitets-namnet for meining?
I svaret sitt til meg i Dag og tid 24. august om inflasjonen kring omgrepet «universitet» har Kristian Bogen tre punkt:
For der fyrste, han skriv at dei nye universiteta har vore gjennom ein langdryg og krevjande prosess for å få universitetsstatus. Eg noterer meg at han meiner krava er skjerpa, og at det er respektlaust av meg å nytte ordet «stankelbeinuniversitet» som nemning på dei nye høgre lærestadene.
For det andre, Bogen skriv at dei nye universiteta er lagde inn under den same lova som dei tradisjonelle, og at dei vert stilte andsynes dei same krava med omsyn til søknader om forskingspengar som dei gamle lærestadene. Her skal herske mangfald, men under same kvalitetskrav.
For det tredje, Bogen er ikkje redd for det eg kallar akademiseringa av yrkesfaga.
Bogen vil ha fram «aggregert kunnskap» i yrkesfaga, seier han, men synest blind for skadeverknadene: pretensiøs teoretisering og skeive rekrutteringsvegar for personalet, som vert ført vekk frå dei konkrete arbeidsoppgåvene som profesjonane har. (Og kaudervelsk språk, les til dømes redsleskildringane frå sjukepleiarutdanninga som Cathrine Krøger har synt, på det som no går under namnet OsloMet.)
Det er noko orwelliansk over denne debatten. Universitetsnemninga som «nytale». Me hadde ein gong eit godt fungerande system i dette vesle landet: fire hovuduniversitet, ei rad vitskaplege høgskular (til dømes NHH, Ås, MF og Veterinærhøgskulen) og DH-ar med ulik spesialisering og nivå. Hernes-utvalet, der eg var med, freista stogga utholinga av universitetsnemninga ved å gjere det klårt at einskilde DH-ar kunne få nasjonalt ansvar på dei felta dei var gode på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.