Teknologi

Kvifor NRK Radio ikkje er på Apple TV

Publisert

Takk til Elin Bay Eikemo for eit engasjert innlegg . Ho set ord på noko vi ser at mange kan ha eit behov for: ein eigen NRK Radio-app direkte på Apple TV.

Skiljet mellom radio og TV blir stadig meir viska ut. Podkastar blir meir visuelle, og for mange er TV-en i stova det mest tilgjengelege lydanlegget i huset. At vi i dag må bruke AirPlay, er ei løysing som fungerer teknisk, men vi har ikkje noko problem med å sjå at brukaropplevinga ikkje er optimal når mobilen ringer eller skjermen går i dvale.

Kvifor gjer vi det då ikkje berre? Sjølv om iOS (iPhone) og tvOS (Apple TV) deler fundament, krev ein TV-app eit heilt anna brukargrensesnitt tilpassa fjernkontroll. Det største hinderet er likevel breidda i marknaden.

Som allmennkringkastar kan vi sjeldan prioritere berre éi plattform. Skal vi rulle ut radio på TV, må vi støtte og vedlikehalde eit stort mangfald av operativsystem, som Samsung (Tizen), LG (webOS) og Android TV (Google), i tillegg til Apple TV. Kvar plattform krev eigne tryggleiksoppdateringar og kontinuerleg teknisk vedlikehald. Dette gjer det svært komplekst å utvide app-porteføljen.

NRK har eit stort samfunnsoppdrag, men ressursane våre er ikkje utømmelege. Kvar utviklingstime må vegast opp mot kor vi ser størst effekt sett opp mot oppdraget vårt. Akkurat no prioriterer vi å gjere NRK Radio best mogleg på mobil, i bil og på nett – der det meste av lyttinga skjer. Samstundes må vi sørgje for at NRK TV-appen på alle plattformer er i verdsklasse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement