Teknologi
Digital svikt frå NRK
Sidan 2021 har eg bede NRK gjere radioappen sin tilgjengeleg på Apple TV. Svaret er alltid det same: «NRK har ingen planar... grunnen er ressursar og kapasitet.»
Dette held ikkje vatn. NRK Radio-appen fungerer allereie utmerkt på iOS for iPhone og iPad. Det tekniske steget over til Apple TV (tvOS) er kort. Som skattebetalar spør eg: Korleis kan ein allmennkringkastar med over seks milliardar i budsjett mangle «kapasitet» til å fullføre det digitale tilbodet sitt?
NRK har ein prisvinnande TV-app på Apple TV, men nektar å inkludere radio og podkast der. I staden blir vi tvinga til å bruke AirPlay frå mobilen. Dette er ein teknisk naudutgang som skaper frustrasjon. Viss eg pausar ei sending for å ta ein telefon, går Apple TV-en ofte i dvale og slår av heile anlegget. Ein enkel pause blir til full stopp fordi NRK nektar å levere ein innebygd app.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.