Arkivverket

Kven sin skivebom?

På lesesalen på Riksarkivet i Oslo kan ein studere gamle dokument.
Publisert

Riksarkivarens svar på min kritikk av Arkivverket i Dag og Tid 15. august er interessant av to grunnar: For alt det ho ikkje svarar på, og for skildringa hennar av Digitalarkivet.

Slik ho skildrar Digitalarkivet, er det openbert at ho sjølv ikkje har nytta dette verktøyet i nemnande grad. Men det har eg. Over ein heil del år – og kasta bort uhorveleg mykje tid på å finne fram i rot og villnis.

Det Digitalverket riksarkivaren skildrar, er det vi alle gjerne skulle hatt, og som eg vil tru var opphavsmennene sin ambisjon: eit system som kunne senke tersklane, gjere tilgjengelegheita enklare og raskare og demokratisere innhaldet. Men det fekk vi ikkje, fordi ein lettvint – og for å spare pengar – lét hyperkommersielle amerikanske og israelske selskap ta over alle dei norske databasane og det enorme materialet som enno ikkje var tasta inn.

Konsekvensane av det som deretter blei gjort, slit vi framleis med.

Saka blei ikkje betre av at ein på norsk side ikkje følgde opp det ein fekk i retur. Digitalarkivet var lenge verdsleiande. Det er det absolutt ikkje i dag.

Skivebommen som riksarkivaren skuldar meg for, er det altså Arkivverket sjølv som har ansvaret for. Når ho skriv at «me forbetrar kvaliteten saman med frivillige», er det å vedgå at kvaliteten ikkje har vore – og framleis ikkje er – god nok.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement