Kina

Kvar kjem hatet mot Kina frå?

I Kina er det rundt 60.000 kyrkjer, ifølgje det kristne rådet i landet. Den katolske kyrkja på bildet ligg i Beijing.
Publisert Sist oppdatert

Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen, skriv om diktatura i Midtausten og Kina i Dag og Tid nr. 31. Spesielt tykkjest han vere opptatt av Kina, men ingenting tyder på at han sjølv har vore der. Det må i så tilfelle vere lenge sidan.

Som redaktør for ein kristen allianse er han sjølvsagt mest opptatt av kyrkja si stilling, og ein kan få inntrykk av at Kina har gått til krig mot denne. Krossar og kyrkjebygg vert rivne over ein låg sko, hevdar han.

Difor dette: Eg har med ujamne mellomrom vitja landet, og nokre gongar har eg vitja gudstenester der – ikkje av di eg er spesielt kristen, men av di eg liker å sjå korleis ting fungerer, og eg liker å prate med folk. Ein sundag sist haust gjekk turen til to kyrkjer. Den eine, som eg meiner var protestantisk, hadde heile tre gudstenester – den eine var spesielt vakker – denne dagen. Den andre, som eg meiner var katolsk, hadde to.

Det var mykje folk båe stader. I tillegg veit eg at begge kyrkjene har vorte restaurerte etter kulturrevolusjonen, og at ein større katedral, også restaurert, no står på lista over kulturminne i Kina, og at det relativt nyleg har blitt bygd ein ny kyrkje med plass til 2000 menneske.

Inntrykket eg hadde av at kyrkjelivet fungerer, vart styrkt, og eg trur det vil halde fram med å gjere det, så lenge styresmaktene ikkje oppfattar kyrkja som eit trugsmål. Dette er noko eg trur dei fleste kinesarar skjøner. Eg opplever at dei på eitt spesielt område er heilt samd med partiet: Minst av alt ønskjer dei kaos.

Innimellom undrar eg meg på kvar hatet mot Kina – eit land som har gjort store delar av verda rikare – og det kinesiske kjem frå. Sjølv opplever eg at mykje har blitt betre i dei snart 30 åra eg har vitja landet: Svært mange menneske er løfta ut av fattigdom, lufta i storbyane er mykje betre, til og med elvene er reinare (men reine er dei ikkje), og trafikken flyt lettare, trass i at kinesarane er som oss: dei vil ha eigen bil. Kulturlivet, med konsertar og utstillingar, tykkjest å blomstre, infrastrukturen, med undergrunn og jernbane, fungerer fantastisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement