Samfunn
Norsk hyllest til diktatur
Kjende nordmenn hyllar autoritære regime. Dei er i stand til å svelgja mykje.
Mange gjestearbeidarar kjem frå det indiske subkontinentet for å arbeide i Dubai. Her legg dei brustein framføre reklameplakatar om luksuseigedom.
Foto Kamran Jebreili / AP / NTB
Demokratiet er i tilbakegang. Det blir fleire autoritære land. Fleire vestlege demokrati er dessutan under press frå illiberale krefter som fiskar i misnøye.
Men desse er ikkje åleine om å gje opp trua på demokratisk valde regjeringar og framheva autoritære regime. Tre elles ulike norske samfunnsaktørar illustrerer dette.
Skipsreiar John Fredriksen, den rikaste nordmannen, flyttar frå London til Dei sameinte arabiske emirata. Han melde nyleg flytting med ein tornande tale: «Hele den vestlige verden er på vei nedenom», sa han til E24. Storbritannia «har gått til helvete», om vi skal tru Fredriksen.
Helvete er altså slett ikkje avskaffa.
Fredriksen refsar skattereglar og mykje anna. Men kva tenkjer han om andre forhold i det nye landet sitt? Sjølv har eg i Dubai, eit av dei fem emirata, vore på besøk i overfylte og kummerlege leirar for fattige gjestearbeidarar frå Nepal og India. Dei har svært høg arbeidsmoral, men elendige arbeidsvilkår og brutalt lange dagar – langt frå familiane sine. 90 prosent av folket i emirata er gjestearbeidarar utan rett til statsborgarskap og med det utan tryggingsnett. Dei lever på nåden til dei som har kontroll på arbeidsløyva og reisedokumenta til gjestearbeidarane.
Ein styrtrik skipsreiar bør ta inn over seg at fattige gjestearbeidarar skaper velstand og overskot for dei rike i golfstatane. Gjestearbeidarane eg møtte, gjorde det dei kunne for å skapa ein viss himmel over det strevsame livet sitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.