JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kvar gjekk freden tapt?

Er det noko vi som forklarer krigen med russisk imperialisme, overser?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Vladimir Putin på Valdaj-konferansen i oktober 2023.

President Vladimir Putin på Valdaj-konferansen i oktober 2023.

Foto: Grigory Sysoyev / AP / NTB

President Vladimir Putin på Valdaj-konferansen i oktober 2023.

President Vladimir Putin på Valdaj-konferansen i oktober 2023.

Foto: Grigory Sysoyev / AP / NTB

7368
20240405
7368
20240405

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Richard Sakwa er professor emeritus ved University of Kent og har lenge vore ein av dei sentrale forskarane på Sovjetunionen og det postsovjetiske Russland. På tampen av 2023 gav han ut The Lost Peace: How the West Failed to Prevent a Second Cold War, på Yale University Press. Same hausten hadde han vore deltakar på Valdaj-konferansen i Russland, der Putin er ein fast føredragshaldar og Sakwa ein av få vestlege akademikarar som framleis opptrer. Han takkar i føreordet Valdaj-forumet for å vera ei «stimulerande kjelde til idear og kontaktar».

Som den siste boka hans også viser, er Sakwa ein akademikar som forsøker å «forstå» det russiske perspektivet. Hos Sakwa er Russland så seint som i tida før 24. februar 2022 ein forsvarar ikkje berre av seg sjølv, men av internasjonal rett og suverenitet. Det kan såleis vera gode grunnar til å ikkje bry seg med å lesa boka i det heile, men sidan diskusjon og kritisk sjølvrefleksjon er akademiske dygder, gav eg henne ein sjanse. Er det noko vi som forklarer krigen med russisk imperialisme, overser?

Vestens feil

I The Lost Peace dreg Sakwa opp dei lange, globale linjene, og legg særleg vekt på den tapte arven etter Gorbatsjov og tanken hans om eit «felles europeisk hus». Påstanden til Sakwa er at eit triumferande Vesten etter 1991 har stengt Russland ute frå dette huset.

Tråden gjennom boka er dermed at konflikten mellom Russland og Vesten først og fremst er, med John Mearsheimer, «Vestens feil». Sentralt i forteljinga står Vesten/USA/Nato sine handlingar i Serbia i 1999, Irak i 2003 og Libya i 2011. Pluss sjølve Nato-utvidinga, som var eit brot på «ånda frå 1990» og den munnlege lovnaden overfor Gorbatsjov om å ikkje utvida «ei tomme austover». Denne lovnaden handla i realiteten om DDR, som snart ikkje fanst lenger. Sovjetunionen blei også snart borte, men «Moskva var framleis Moskva», som Sakwa formulerer det.

I Sakwa si forteljing er ikkje Ukraina nokon sentral aktør. Oransjerevolusjonen i 2004 og andre «fargerevolusjonar» er berre kort nemnt hos Sakwa, og då som noko Vesten og USA og Nato har «støtta». Saman med Serbia, Irak, Libya og Nato-utviding utgjer denne støtta «logikken som førte til samanbrotet av europeisk tryggleik i 2014 og til krig i 2022». Putin-regimets illiberalitet og neoimperialisme er kort nemnt, men spelar inga rolle i det overordna argumentet til forfattaren, nemleg at Russland først og fremst har respondert på eit vestleg hegemoni.

«Hos Richard Sakwa er Russland så seint som i tida før 24. februar 2022 ein forsvarar ikkje berre av seg sjølv, men av internasjonal rett og suverenitet.»

Kjelder og bruken av dei

Den neste ukrainske revolusjonen var Euromajdan vinteren 2013–2014. Sakwa nyttar først ordet «revolusjon», men på sida etter siterer han ein viss George Friedman på at dette var «the most blatant coup in history». Distinksjonen mellom «kupp» og «revolusjon» er ikkje enkel, men ein så sterk påstand som dette må grunngjevast, det er ikkje nok med eit sitat som berre seier det, og å visa til at opphavspersonen er leiar for ei viktig tankesmie. Det er rett at ikkje alle parlamentariske prosedyrar blei følgde i Kyiv den 22. februar 2014, men i tillegg til å slå ned demonstrasjonar med vald hadde president Janukovytsj rømt dagen i førevegen, ei flukt som var planlagt fleire dagar før det att. Statsvitaren Sakwa drøftar ikkje dette i det heile og nemner heller ikkje nyvalet nokre månader seinare.

Vinteren 2024 er vi blitt opptekne av kjeldebruk. Sakwa har eit omfattande noteapparat, men kjeldebruk har fleire sider. Som Friedman-dømet viser, er argument og referanse to ulike ting. Referansar kan ikkje erstatta argument, då blir det fort som Lenin-sitata i sovjetsakprosaen. Andre gongar manglar dokumentasjonen. Gav vestmaktene støtte til Stepan Bandera, eller rettare sagt armeen hans, etter 1945? Sakwa skriv så, og det kan godt vera det stemmer, men Sakwa nemner det berre i rekka av døme på korleis «Vesten har brukt Ukraina som eit bruhovud», utan referanse og utan diskusjon.

Av ting som elles blir flyktig nemnt, litt sånn som Oransjerevolusjonen, er forgiftingane av Sergej Skripal og Aleksej Navalnyj, og då som noko som «forverra forholdet» til Vesten, utan at Sakwa interesserer seg for kven som stod bak. Han viser til lekkasjar av samtalar mellom vestlege politikarar i tida rundt Euromajdan om ei mogleg ny ukrainsk regjering («Nuland–Pyatt-samtalen»), men ikkje til lekkasjar som avslørte at russiske aktørar aktivt støtta antimajdanprotestar i Aust-Ukraina («Surkov-lekkasjen» og «Glazjev-opptaka»). I staden får vi eit lengre sitat frå annekteringstalen til Putin 18. mars 2014, der Putin insisterte på at forholdet til Ukraina er «venskapleg», og at «vi» respekterer Ukrainas territoriale integritet. Å sitera ein slik passasje i dag utan å samanlikna med det Russland faktisk har gjort sidan 2014, held rett og slett ikkje mål i ein seriøs akademisk publikasjon.

Historie utan Donbas

Dermed kjem vi til den store elefanten i rommet (boka). Her er nesten ingen ting om krigen i Donbas. Det vesle som står, er at krigen blei utløyst av antiterroroperasjonen frå Kyiv. Men då hadde jo Igor Girkin alt, med hans eigne ord, «trekt på avtrekkaren». Girkin og styrkane hans kryssa grensa i april 2014 og sikra at protestane mot revolusjonen i Kyiv fekk tilstrekkeleg militær støtte. Sakwa kjem heller ikkje inn på at regulære russiske styrkar tok over kontrollen i Donbas seinare dette året. Nedskytinga av det malaysiske passasjerflyet er, litt slik som Skripal og Navalnyj, nemnt som noko som skjerpa vestlege sanksjonar, ikkje som det brotsverket det faktisk var. Dei ansvarlege går igjen fri.

Fram mot fullskalainvasjonen i februar 2022 skriv Sakwa ikkje noko om den russiske opprustinga langs grensa til Ukraina, berre at ukrainske styrkar mobiliserte langs grensa til utbrytarrepublikkane. Han omtaler vidare russiske krav om at ikkje berre skulle Ukraina vera nøytralt, men til og med at ein måtte tilbake til eit Europa slik det var på midten av 1990-talet, som «seriøse». Som om Putin ikkje alt hadde bestemt seg for å gå til full krig.

Her er også lite diskusjon av problema med Minsk-avtalane: Kven skulle byrja – Ukraina med føderalisering eller dei som hadde makta i utbrytarrepublikkane, med å faktisk tillata frie val? Og kven hadde eigentleg makta i Donbas? Avtalane sa jo òg at andre statar skulle trekka seg ut. Men Russland ville ikkje innrømma at dei var ein aktør i krigen eller hadde reell kontroll.

Selektiv Sakwa

Det går an å argumentera for at ein større bakgrunn for krigen er at det ikkje lukkast å skapa ein ny og inkluderande «tryggleiksorden» eller «arkitektur» i Europa etter 1990. Vestleg arroganse kan godt ha vore ein faktor som over tid har forsura forholdet mellom Russland og Vesten (jf. Espen Barth Eide i Morgenbladet 23. februar). Men hadde Russland vore mindre aggressive mot Ukraina dersom Vesten hadde triumfert mindre, Nato ikkje hadde utvida eller USA ikkje hadde invadert Irak? Trass i ei interesse for dei lange linjene drøftar ikkje eigentleg The Lost Peace slike spørsmål. Boka analyserer heller ikkje russiske oppfatningar av Ukraina og blir dermed eit døme på einsidig og selektiv historieskriving.

Kåre Johan Mjør

Kåre Johan Mjør er førstelektor i russisk ved Universitetet i Bergen.

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen
Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen
Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis