JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2503
20170908
2503
20170908

SIDEMÅL

Spørsmål til partileiar og statsminister Erna Solberg: Politikarane i alle parti er samde om at norsk er eit basisfag i skulen. I ein slik samanheng er det underleg at Høgre vil redusera talet på standpunktkarakterar i faget frå tre til to.

Fram til og med 2008 vart alle avgangselevane prøvde i både hovudmål og sidemål til eksamen. I dag er det slik at avgangselevane for dei som vel studiespesialiserande utdanningsprogram, får tre standpunktkarakterar – karakter i munnleg, i hovudmål og i sidemål. Vidare er det slik at krava er dei same på begge skriftspråka, men til sidemålseksamen er det berre ein del av elevane som vert trekte ut.

Høgrefolk er opptekne av kvalitet i skulen. Det er flott, men det er ikkje flott at Høgre vil tona ned det viktige norskfaget. Frå ein nynorsksynsstad er det særs uheldig at elevane ikkje skal få karakterar i sidemål på vitnemålet.

I programmet til Høgre står det: Høgre vil avvikla ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål på ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen.

Med formuleringa om sidemålet/sidemålsstilen gjer Høgre norskfaget mindre viktig enn til dømes engelskfaget. Timetalet over tre år er om lag det same som i norsk: I norsk er timetalet 14 medan i engelsk er det samla timetalet 15. I engelsk får likevel elevane som har faget i tre år, heile fire standpunktkarakterar.

Nynorsk og bokmål er kvalitativt ulike skriftspråk, og ikkje to ulike målformer: I ordval, formverk og setningsbygnad er nynorsk og bokmål ulike. I eit slikt perspektiv må elevane prøvast i begge skriftspråka til eksamen, og ut frå eit jamstellingsperspektiv må krava i dei elevproduserte tekstane, høvesvis hovudmåls- og sidemålsstilen, vera dei same.

På valmøtet, om språksituasjonen i Noreg 21. august 2017, tolka stortingskandidat Liv Kari Eskeland programformuleringa slik: Høgre vil ikkje ta bort sidemålsstilen, men sidemålsstilen skal verta ein del av karaktergrunnlaget når standpunkt- og eksamenskarakteren skal fastsetjast.

Spørsmåla mine til Erna Solberg vert difor:

1. Korleis tolkar du programformuleringa om sidemålsstilen i partiprogrammet?

2. Korleis skal programmet gjennomførast: Skal det vera slik at avgangselevane skal skriva halvparten av tekstproduksjonen under eksamen på nynorsk og halvparten på bokmål? Skal krava til kompetanse vera dei same på dei to tekstdelane?

3. Vil ikkje det beste vera at ordninga som galdt fram til 2008 med to jamstelte eksamensstilar, kom tilbake?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis