Utdanning
Kva listene kan gjere med oss
Elevar på skulebiblioteket.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Takk til lektor Olav Morten Wang for høvet til å gå vidare med diskusjon om lister. Oslo Katedralskole er jo vidgjeten for danningsnivået. Eg går heretter ut frå at elevane der lærer å argumentere ut frå ei konstruert oppfatning om personlegdom og livssyn hjå den som uttalar seg i ein debatt.
Vi har aldri hatt «pensum» i norsk skule i nyare tid. Fram til Normalplanen av 1939 var undervisninga ofte prega av eit sterkt detaljert lærestoff i lærebøkene, og dette skulle hugsast meir enn forståast. Reformpedagogisk kritikk i mellomkrigstida la i staden vekt på at eleven skulle arbeide sjølv og utvikle eit eige tilhøve til fagstoffet. Likevel var fagstoffet så detaljert lista opp at lærarane jamnast brukte lærebøkene som fylgde det eller tolka det planen sa, svært nøye.
Så kom jo krigen, og oppbygginga deretter. 1939-planen vart omsider realisert, i ei tid med store sosiale endringar, ikkje minst at folk flytta dit det var arbeid å få. Normalplanen vart ikkje justert for å reflektere det nye samfunnet. Målet vert ikkje då det planlagde, nemleg å late elevane utvikle seg i samsvar med sine ulike evner, men at alle «kan» det same. Altså lagar ein oppgåver og set karakterar til eksamen der det som står i listene, vert rekna som det minste ein bør kunne – resten er målet på sjølvstende. Kritikken av dette tilhøvet voks fram til nye reformpedagogar oppnådde å endre både skulestruktur og dels også fagtenking.
Då Mønsterplanane kom (1974 og 1987) løyste dei opp dette mange lærarar oppfatta som tvangstrøyer, og laga rammeplanar for innhaldet, der det var stor fridom for lokale vurderingar. Ein la vekt på lokal litteratur, på nye medium og på populærkultur, for å hjelpe born og unge til å lettare skjøne korleis dei måtte verte sjølvstendige under nye vilkår.
1990-talet vart så prega av ny krangel kring basiskunnskapar og sams referansar, og elevane skulle vere «aktive, handlande og sjølvstendige». Scola 2000 med basisgrupper og «utgrupper» og nedskruing av tavler vart selt inn i skulen som ei stor fornying. Men no oppstod der eit klårt skilje i arbeidsmåtane frå barnetrinnet til ungdomstrinnet, noko vi framleis lever med. Aktivitetspedagogikken slo ikkje gjennom, elevane vart verande passive, og i teoretiske emne var hovudmåten lærarformidling.
Kunnskapsløftet skulle møte denne utfordringa (som OECD klårt hadde peika på var eit problem i vesterlandsk undervisning) og innforlive eit nytt kunnskapssyn. Og det var just ikkje å late seg informere om ting ein burde hugse for å vere del av sams kultur, men å verte i stand til å delta i dei samfunnsendringane som no kom, med nye krav til praktisk meistring av mange former for (nye) arbeidsoppåver. Alle måtte kunne utvikle seg i lesing, skriving, rekning, digital kompetanse – og så prøvde ein å leggje til munnleg språkbruksevne òg, her i landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.