KS tar ansvar for barn og unge sitt utdanningstilbod

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Leiarskribenten i Dag og Tid skreiv om lærarstreiken sist veke, og utfordra KS som kommunane sin arbeidsgjevarorganisasjon.

For kvar dag lærarstreiken varer, aukar belastninga på elevane. Dei mistar undervisning, og dei mistar skulekvardagen som ei fast ramme. Eg er samd i at ein lærarstreik alltid råkar elevane på ein uheldig måte. Men det er òg heilt reelt at det er særleg uheldig at streiken kjem etter to år med pandemi, kor det òg har vore mangelfull undervisning og ein ustabil skulekvardag mange stader.

«Ansvaret ligg no på KS», meiner Dag og Tid. Vi må komme med eit godt nok tilbod som får slutt på streiken. Vi kan berre gje lærarane litt betre løn.

Det enklaste er ofte det beste, men dette blir ei overforenkling av ein svært kompleks situasjon. Dette synspunktet vart heller ikkje grunngjeve.

Forhandlingane i det sentrale tariffoppgjeret for kommunar og fylke vart ferdig i juni. Det er ei felles hovudtariffavtale for alle tilsette i kommunar og fylkeskommunar. Vi forhandlar ikkje med lærarorganisasjonane separat, og det er inga eiga avtale for lærarar. Lønstillegg i kommunesektoren vert heller ikkje gjeve til yrkesgrupper, men etter utdanningsnivå og ansiennitet. Likt utdanningsnivå blir likt behandla.

KS forhandlar derfor med LO, Unio, YS og Akademikerne samtidig. Dei representerer 40 fagforbund. KS representerer 366 kommunar og fylke.

Rundt forhandlingsbordet i mai og juni måtte alle gje og ta, for å leggje eit stort puslespel. Til slutt vart vi, med Riksmeklaren si hjelp, einige om ei heilskapleg og god løysing som vart tilrådd av alle dei fire forhandlingssamanslutningane. For å komme fram til ei løysing la KS inn meir pengar enn kommunane får dekt. Det er altså trekt ut fleire hundre millionar kroner av budsjett til kommunane for å gje dei tilsette høgare løn. 37 av 40 fagforbund stemde ja til resultatet. Det same gjorde eit rekordstort tal kommunar i uravstemminga.

Vi har altså allereie ei avtale som har brei støtte. Det er derfor svært lite handlingsrom for å finne ei anna løysing med lærarorganisasjonane, utan at dei 37 andre organisasjonane vil krevje nye forhandlingar.

Streik er eit legitimt verkemiddel i eit lønsoppgjer. Men når lærarorganisasjonane vel å bruke det, må dei òg ta ansvaret for konsekvensane av sitt val.

KS tar ansvar for at kommunar og fylke skal kunne gje barn og unge eit best mogleg utdanningstilbod. Derfor bidrar KS no konstruktivt i den dialogen som er mellom partane via Riksmeklaren.

Leiarskribenten har eit godt poeng når han skriv at løna berre er éin del av svaret, og at det er like viktig «å få slutt på mykje av all denne rapporteringa som lærarane må driva med». Det er KS heilt samde i. Og her har KS og lærarorganisasjonane felles interesser. Det er i hovudsak statlege krav og pålegg som gjer at kommunane må pålegge sine leiarar og tilsette å dokumentere og rapportere at nasjonale krav vert følgde opp. KS har forventningar til regjeringa si tillitsreform og varsla forsøksordningar. Ei tillitsreform overfor dei tilsette må òg vere ei tillitsreform overfor kommunane.