Det er sjølvsagt uheldig for elevane at lærarane streikar den hausten elevane endeleg skal attende til skulen etter to år med pandemirestriksjonar. Og det svekkjer folks støtte til streiken.
Men ein skal ikkje leggja for stor vekt på pandemiargumentet. Same kva år det er, vil ein streik tidleg i skuleåret råka elevane hardt. Ein god start er svært viktig for at elevane skal koma i gang med skuleåret på ein god måte. Difor må denne streiken ikkje vara lenge.
Skulle så lærarane ikkje ha streika? Dei ville fått langt meir sympati om dei venta eit år. Likevel kan streiken forsvarast. Vi treng gode lærarar. Å gje dei litt betre løn er ei av dei beste investeringane vi kan gjera for å medverka til det. Gode lærarar fører til betre undervising og meir kunnskapsrike elevar.
Men løna er berre ein del av svaret. Like viktig er det å få slutt på mykje av all denne rapporteringa som lærarane må driva med. Det har teke overhand og gjer at mange lærarar vert demotiverte og ynskjer å slutta. Ein lærar skal undervisa, ikkje vera sosialarbeidar og byråkrat i tillegg.
Langt mindre rapportering kan òg gje rom for noko større undervisingsplikt for lærarane. Vi må få tilbake den sjølvstendige læraren og lektoren som ikkje er underlagd stadig nye velmeinte, men tidkrevjande oppgåver og direktiv frå skuledepartementet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.