KS må også satse på dei som allereie arbeider i skulen
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ei stor utfordring for KS er ikkje berre å rekruttere dei nyutdanna lærarane og lektorane inn i skulen, men å behalde dei som allereie jobbar der.
Tor Arne Gangsø, direktør for arbeidsliv i KS, meiner at vi målar med brei pensel når vi seier at «lærarane» er taparar i dette tariffoppgjeret. Han peikar på i sitt innlegg blant anna at dei unge, nyutdanna lærarane «er blant vinnarane i tariffoppgjeret».
Mitt innlegg i Dag og Tid var ein kommentar til Jon Hustads artikkel som viste at ein lektor tener omlag det same i dag som i 1978, og at det har vore ein styrt politikk å seinke krava framfor å satse på dei med høg utdanning i skulen.
Norsk Lektorlag og vår studentorganisasjon Lektorstudentene er samde med KS om at vi har ei stor rekrutteringsutfordring i skulen, og at det er eit framsteg at dei som er på veg inn i skulen får høgare lønn. Men ein må også jobbe for dei som allereie er i skulen.
Det er særleg dei med lengst utdanning og ansiennitet i skulen som har kome dårlegast ut i tariffoppgjera. Tilbodet til lektorane i år ville korkje oppretthalde eksisterande eller ta igjen tapt kjøpekraft. Det kan ikkje KS prate seg vekk ifrå. Heilt grunnleggjande må ein kanskje sjå på prosentvise tillegg og ikkje kronetillegg, for å få eit riktig bilete av lønnsutvikling. Det er forunderleg at KS alltid samanliknar lektorlønna mot lønna til andre jobbar i kommunane med lågare krav til utdanning, aldri mot stillingar med krav til tilsvarande utdanningsnivå.
Både å rekruttere og behalde er viktig. Det kan ikkje vere eit anten eller, men eit både og. Det vil vere eit stort tap dersom mange av dei som er godt kvalifiserte og faglege dyktige – som også dei unge og nyrekruterte lærarane er avhengige av – sluttar i jobben. Lønna er kanskje ikkje det som er den viktigaste årsaka til val av yrke, men viss ein opplever reallønsnedgang år etter år, kan vegen til privat sektor og jobbar med høgare lønn vere kort. Det er ei ikkje eit godt signal til dei nyutdanna at når dei fyrst har kome inn i skulen, vil lønnsutviklinga stoppe opp. I dag er det ein bråstopp i lønnsutviklinga for lærarar og lektorar etter 16 år i skolen.
Norsk Lektorlag meiner at viss vi skal lykkas med fellesskulen, må vi ha kvalifiserte lektorar og lærarar i heile landet. Kvalifiserte lærarar og lektorar er nøkkelen til å gi elevane den undervisninga dei har krav på. Her er lønn eit viktig verkemiddel. Gangsø seier at dei som ikkje har lærarutdanning, ikkje er ukvalifiserte. Det er ei nedvurdering av lærar- og lektorkompetansen, og er eit dårleg signal til alle dei som tar desse utdanningane i dag. Løysinga er ikkje å senke krava til dei som underviser, men å verdsetje kvalifikasjonane og sjå til at dei som kjem inn i skulen, har lyst til å bli værande.