Elbil
Kritikk utan realistiske alternativ
Når Anders Skonhoft i Dag og Tid 20. mars held fram sin kritikk mot elbilar, viser han også tydeleg at han manglar ein strategi som kuttar nok i klimagassutsleppa.
Skonhoft skriv at elbilsatsinga har vore støtte til velståande folka i byområde. Men fritaket frå avgifter var ikkje ein stor fordel. Det tok bort ulempa med at elbilen var dyrare teknologi enn det forureinande alternativet i butikken.
Og sjølv om den første kjøparen av ein elbil historisk har budd på Askøy eller i Lørenskog, så har ein elbil eit langt liv. Skal ein bruktbilkjøpar i Mehamn eller Davik kunne kjøpe ein brukt elbil, må nybilkjøparen ha valt teknologien først. No vel dessutan nybilkjøparar i heile landet, inkludert distriktskommunane, elbil.
Skonhoft påstår at elbilsubsidiane har ført til større bilar. Er han sikker på årsaksforklaringa? Den internasjonale trenden med større bilar er dominerande også hjå fossilbilane. Det er lett å finne land utan elbilsatsing, men der folk køyrer store SUV-ar og pickupar.
Eg utfordra Skonhoft til å teikne ein realistisk alternativ visjon for korleis han vil løyse klimakrisa, utan elbilar. Han påpeiker at det ikkje var hans tema, men viser til redusert privatbilisme som alternativ. Det er eit godt tiltak, men det tek oss ikkje i mål aleine.
For å klare å rekne heim store nok utsleppskutt tek klimaforskarane til orde for at ein må både unngå, flytte og betre. Å unngå inneberer til dømes meir digitale møter framfor lange jobbreiser. Å flytte betyr å ta meir buss framfor bil, eller bil framfor fly. Å betre betyr at ein tek i bruk ny teknologi, og altså elektriske køyretøy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.