Kraft- og industriløft for Finnmark
Equinors anlegg på Melkøya utanfor Hammerfest.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Morten A. Strøksnes skriv i Dag og Tid 11. august at regjeringa sine energiplanar i Finnmark ikkje let seg gjennomføre. Eg er ikkje eining i konklusjonen hans, og eg vil gjerne argumentere for kvifor. Strøksnes peikar på ein del interessante perspektiv og sentrale dilemma i nordområdepolitikken. Hovudpoenget hans er at regjeringa enten må snu heilt om i urfolkspolitikken, eller at vi kan gløyme å skape ny energi som skal erstatte den krafta som går til Melkøya. Det er ein litt for enkel anten-eller-tankegang, og eg meiner vi må klare å ha to tankar i hovudet samtidig.
Urfolksretten skal liggje som eit fundament, samtidig som vi legg til rette for klimavenleg industri, verdiskaping og utvikling i Nord-Noreg. Det er viktig for arbeidsplassar og busetnad i dei nordlegaste fylka våre.
Manglande nettkapasitet og ein anstrengt kraftsituasjon er i dag ei av dei største hindringane for vekst og utvikling i Finnmark, og det var aldri aktuelt for regjeringa å godkjenne elektrifiseringa av Melkøya utan samtidig å lansere ein plan for betydeleg utbygging av kraftproduksjon og nett. Målet med denne planen er å få på plass meir kraft enn det som trengst på Melkøya, slik at kraftsituasjonen i fylket blir betre enn i dag. Elektrifisering av Melkøya vil bidra til å kutte norske klimagassutslepp med 850.000 tonn i året. Dette gjer prosjektet til det største enkeltståande klimatiltaket i Noreg. Om vi skal nå måla i Parisavtalen er det viktig at alle land bidrar.
Eg er sikker på at vi kan lukkast med å finne løysingar som gjer at utvikling av kraftproduksjon og nett i Finnmark kan skje i sameksistens med reindrifta og samisk kultur. Utbygginga av meir kraft og nytt nett skal ikkje gå ut over menneskerettane, og omsynet til reindrifta er eit av dei viktigaste momenta ved handsaminga av saker som handlar om arealbruk i nord.
For å få løyve til utbygging må prosjekta vere innafor artikkel 27 i konvensjonen om sivile og politiske rettar, og det må takast omsyn til reindrifta i alle fasar av eit prosjekt. Dei siste 10–15 åra er det gitt avslag på ei rekkje vindkraftsøknader i samiske område. I tillegg blir gitte konsesjonar jamleg utfordra rettsleg, og det er berre i Fosensaka at det har blitt konkludert med at konsesjonsvedtaka inneber eit brot på menneskerettane, fordi utbygginga vil ha vesentleg negativ effekt på reindrifta si moglegheit til å dyrke sin kultur. Statnett har nyleg vore gjennom bygging av nær 50 mil med kraftlinjer på strekninga Ofoten–Balsfjord–Skaidi og har i den prosessen fått god erfaring med bygging i reindriftsområde. Dette er erfaring som vil kome godt med i dei prosessane me skal gjennom i tida framover.
Er dette enkelt? Nei. Er det konfliktfylt? Ja. Svaret kan likevel ikkje vere at vi aldri kan drive utvikling i Finnmark. Som grunnlag for vidare utvikling må også Finnmark få eit sterkare kraftsystem. For å halde oppe busetjinga i nord er det ein føresetnad at folk har trygge og varierte arbeidsplassar. Og for å leggje grunnlaget for nye arbeidsplassar er det behov for å styrkje kraftforsyninga og den grunnleggjande infrastrukturen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.