Historie

Korrupsjon i det gamle og det nye Spania

Francisco Franco i 1930.
Publisert

Spania kan i år feira 50-årsjubileum som eit demokrati, men kvifor feirar likevel ikkje vi som lever der? Eg vil visa korleis eg ser på korrupsjon som ein raud tråd i spansk historie.

Spania er sjølvsagt ikkje åleine om å ha problem med korrupsjon. Denne korrupsjonen finn vi på nasjonalt plan. Han finst i dei 17 sjølvstyrte «fylka», kvart med sin president, sitt parlament og sin administrasjon, for eksempel Andalucia, og han finst i dei over 8000 kommunane.

Korrupsjon i politikken er det når hundrevis av millionar euro frå staten blir misbrukte. Då er alltid administrasjonen innblanda, og han samarbeider med toppfolk i partia.

Korrupsjon i politikken er det når ministrar tar imot millionar av euro for å sikre at store entreprenørselskap får store offentlege kontraktar.

Korrupsjon i politiet er det på alle plan, som når politiet finn over 20 millionar euro heime hos sjefen for det nasjonale korrupsjonspolitiet i Madrid. Så store summar blir det når politiet blir kjøpt opp av narkobandar som styrer handelen med narkotika over Gibraltar og inn i Spania og Europa.

På universiteta er det blitt avdekt mykje nepotisme. Det fører til at Spania mistar mange av sine beste forskarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement